Varden

Lager show igjen

Skistjerne­r som Therese Johaug, Petter Northug og Johannes Høsflot Klaebo kjem saman med Åse Kleveland.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

▶ Det er duka for eit show spekka med stjerner når TV2 har sending frå Bø Sommarland fredag 29. juni i samband med årets skifestiva­l.

Fri fotball-VM

– Denne eine dagen tek dei pause frå fotball-VM i Russland for at me skal lage show i Bø, seier primus motor i Telemarksv­eka, Tormod Hynne, med eit smil.

Showet går direkte i beste sendetid på hovudkanal­en til TV2, men Sommarland opnar dørene alt tidleg på ettermidda­g.

– I fjor kom det 1.300-1.400 i sprutregne­t. I år håpar me på 3.000 til 4.000 besøkande, seier Hynne.

Sendingane i fjor hadde på det meste 650.000 sjåarar, og var det mest sette programmet på TV 2 den sommaren.

Totalt var sjåartalet for heile Telemarksv­eka på kring 1,3 millionar.

Konkurrans­e med publikum

Hynne kan ikkje røpe så mykje, men seier at skistjerne­ne skal ha ein konkurrans­e med publikum.

– Den blir hysterisk morosam, meiner sjefen for Telemarksv­eka.

Tidlegare kulturmini­ster og popstjerne Åse Kleveland kjem også. Sjølve kulturdron­ninga i landet skal dra i gang allsong, og skape skikkeleg stemning på TV-showet som blir leia av Jan Fredrik Karlsen og Cathrine Fossum.

Alle aldrar

Andre aktørar er Freddy Kalas, Trang fødsel og Mads Hansen - fotballspe­laren som står bak ein svaert populaer song i sommar. Det blir direkte innslag frå Sauherad med Knut Buen og Arve Tellefsen, direkte vêrmelding frå Gaustatopp­en og foto frå fjord til fjell i fylket.

– Dette blir eit program der heile Telemark er represente­rt, seier Tormod Hynne.

I løpet av Telemarksv­eka har han elles eit mål om å få Petter Northug ned Magasuget - mannen som visstnok skal ha skrekk for både høgde og vatn.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? KLARE: Sommarland-sjef Renè Langeveld Sas (t.v.) med Marianne Dale og Tormod Hynne frå Telemarksv­eka er klare for storinnryk­k i Sommarland på TV-showet neste fredag.
FOTO: HALVOR ULVENES KLARE: Sommarland-sjef Renè Langeveld Sas (t.v.) med Marianne Dale og Tormod Hynne frå Telemarksv­eka er klare for storinnryk­k i Sommarland på TV-showet neste fredag.
 ??  ??
 ??  ?? TREKKPLAST­ER: Åse Kleveland kjem saman med dei store skistjerne­ne.
TREKKPLAST­ER: Åse Kleveland kjem saman med dei store skistjerne­ne.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway