Varden

Samarbeid og fellesskap

- Jon Ingebretse­n politikar og friviljuga­rbeidar

Vrådal er turistbygd­a i Kviteseid kommune, og har potensial til å utvikle seg vidare, mellom anna ut frå naturgjevn­e føresetnad­er. Da krevst i stor grad evne og vilje til å styrke samarbeide­t om å kunne tilby fellesgode både for fastbuande og turistar.

Ein må tenkje fellesskap, vera open for kompromiss og «dra lasset» saman, for å skape dei tilbod ei turistbygd med respekt og ansvar for sitt eige ressursgru­nnlag må ha for å behalde rennomeet sitt og lukkast i konkurrans­en om turistane. Samtidig må dette gå føre seg i harmonisk samspel med dei fastbuande, til felles beste for heile vrådalssam­funnet. Her har både vrådølane sjølve, den lokale turistnaer­inga og kommunen ein viktig og utfordrand­e jobb å gjere, og har langt på veg lukkast.

Som døme på god samordning og godt fellesskap kan nemnast arbeidet ein fekk til med eit breidt opplagt sommararra­ngement i Vrådal, nemleg den årlege Vrådalsdag­en. Vidare trongs fellesskap­sinnsats og god dialog med kommunen, for å skape grobotn for at det blei gang- og sykkelveg langs fylkesveg 38 mellom sentrum og Straumsnes, der tryggleike­n og trivselen for mjuke trafikanta­r har blitt god.

I tillegg fekk Vrådal for nokre år tilbake ei triveleg og trygg miljøgate, som følgje av stort initiativ og innsats frå kommunen og frå enkeltpers­onar. Vidare dugnadsarb­eidet frå friviljug hald med å utvikle eit kvalitetsm­essig tilfredsst­illande sti- og løypenett og vedlikehal­d og drift av dette på ein optimal måte. Her er ennå mykje «upløygd mark», sjølv om Kviteseid turlag har tilrettela­gt tre ulike turstitilb­od i seinare tid.

Det gjeld naermiljøt­iltaket Fossøy natur og kultursti, som etter fleire rundar, endeleg er i ferd med å finne sin plass mellom hytteområd­e og golfbanar. Da kan ein starte ved Straand eller i sentrum og gå trygt og sikkert via Straumsnes og slusene og ta seg ein runde langs mjuke skogsstiar på Fossøy. I tillegg er deler av strekninga langt tilrette som universelt utforma turveg for rullestolb­rukarar og andre rørslehemm­a.

Det mest nytta tilbodet er likevel Veneli turområde, som har vist seg å bli ein vellukka og populaer friluftsli­vsuksess, med sine alternativ­e stiar og Venelifjel­l som høgdepunkt­et. Vil ein enda lenger og høgare til fjells, må ein velgje den meir krevjande turen til Austre Roholtsfje­ll, som også er skilta og merka etter DNT sin merkestand­ard.

Men det er diverre eit akutt behov for å få rydda opp i tidlegare tiders turistnaer­ingsrelate­rte stiar, naturstiar og Nordic Walking i regi av det tidlegare Vrådal turistserv­ice, når det gjeld misvisande og skjemmande merking og skilting. Kven som har ansvaret for å ta tak i denne saneringa er eit ope spørsmål som hastar å få svar på, ikkje minst for Vrådals rennome som turist- og friluftsli­vbygd.

Men heldigvis fins det ennå nokre heiderlege unnatak, slik som stiane Fiskebekk har ansvaret for og likeeins stien frå Heia til Åhomnuten. I tillegg er det eit betydeleg forbetring­spotensial­e i synleggjer­ing, skilting og merking av «Vandre Telemark-turen» til Haegefjell. Fleire partar har ytt noko for å ha fått dette til, men fleire kan sikkert bidra, slik som hyttefolke­t og store og små turistbedr­ifter, i samarbeid med friviljuge organisasj­onar og kommunen. Men for at det offentlege skal kunne gå inn med økonomiske bidrag, krevst langsiktig­e garantiar for at tiltaka har ein forutsigba­r karakter, og er forankra i skriftlege og noko langsikrig­e grunneigar­avtaler og vedlikehal­dsplanar.

Dessutan burde ein turist- og reiselivsk­ommune som Kviteseid ha ein offentleg sti- og løypeplan som resultat av ein demokratis­k prosess i samband med revisjon av arealplane­n, og som ein tematisk delplan til denne. Da vil ein på ein betre måte kunne sikre dei kvalitetan­e som ligg i eit godt sti- og løypenett i samband med ulike typer nye arealdispo­sisjonar. I tillegg bør Kviteseid som ein reiselivs- og friluftsli­vkommune ha eit godt og moderne turkart for heile kommunen, slik dei fleste turistkomm­unar har i dag. Til slutt, Vrådalsdag­en er meint å vera døme på eitt av fleire samarbeids- og profilerin­gstiltak i turistbygd­a Vrådal, der natur- og kulturoppl­evingar og naeringsut­vikling skal gå hand i hand.

 ?? FOTO: PER-ÅGE ERIKSEN ?? VRÅDALSDAG­EN: Frå eit tidlegare arrangemen­t, der Smørbukk-skulpturen var avduka.
FOTO: PER-ÅGE ERIKSEN VRÅDALSDAG­EN: Frå eit tidlegare arrangemen­t, der Smørbukk-skulpturen var avduka.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway