Varden

Malin sjarmerte mange i Trysil

15 år gamle Malin Røysland Skårberg var den einaste kvedaren frå Telemark i yngste klasse på Landskappl­eiken

- ▶

Ho vart nummer seks med 50 poeng, åtte poeng etter vinnaren Tea Forr Austnes frå Spira studentspe­lemannslag.

«Så som så»

I kulturhuse­t Hagelund i Trysil framførte ho fredag «Hjuringvis­e» etter Hølje Bakka og «Laling frå Hovin».

– Eg har slite med forkjøling, og synest det gjekk så som så. Eg blir alltid så nervøs, det er så eg ristar på scena, seier Malin som fekk solid applaus etter framføring­a

Starta som 5-åring

Malin, som skal jobbe på familieset­ra Selstali i sommar, har gått i laere frå ho var fem år. Ho deltek også i dans på Landskappl­eiken. Den blide tinndøla svingar elles bogen, men ikkje frå scena i Trysil.

– Hardingfel­a blir stadig meir artig. Folkemusik­k er så moro og det er eit flott miljø. Dette vil eg halde på med vidare, seier folkemusik­aren, som også er fotballtre­nar.

Ellen B. Nordstoga var programlei­ar for tevlinga i vokal klasse C.

– Det er mange kvedarar på fylkeskapp­leikane, så det er nok tilfeldig at det er så få frå Telemark her. Eg ser derfor ikkje svart på det, seier den entusiasti­ske folkemusik­aren frå Vinje.

Resultat frå kappleiken

Britt Elin Myrene frå Tinn vann fløyte senior med 70 poeng, åtte poeng før nestemann. I lagdans junior oppnådde Tinn Spelemanns­lag ein flott andreplass med 65 poeng, tre poeng bak «Bulder og Brak». I dans hardingfel­e klasse A fekk fjorårsvin­narane Ingebjørg Bratheim Bø og Ola Narverud femteplass med 84 poeng, fire poeng bak Hege S. Johnrud og Sigbjørn Rua frå Jondalen som vann.

I halling klasse B kom Even Ellegaard Westeng frå Gransherad på fjerdeplas­s med 72 poeng, 14 poeng bak vinnar Jon Bugge Mariussen frå Baerum. Spelemanns­laget Bøheringen vart nummer 10 i lagspel senior. I hardingfel­e klasse B blei Birgit Haukås frå Tinn og Ånond Versto, Seljord folkemusik­klag beste telemarkin­gar med 6. og 7. plass. Debutanten Sunniva Langås-Røiland blei beste telemarkin­g i hardingfel­e klasse C med 9. - plass. Halvor Ulvenes ▶ halvor.ulvenes@varden.no

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? FRYDAR SEG: Malin Røysland Skårberg frå Tinn frydar seg over det flotte sosiale miljøet på Landskappl­eiken. Fredag sjarmerte ho mange i Trysil med sine flotte viser.
FOTO: HALVOR ULVENES FRYDAR SEG: Malin Røysland Skårberg frå Tinn frydar seg over det flotte sosiale miljøet på Landskappl­eiken. Fredag sjarmerte ho mange i Trysil med sine flotte viser.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway