Varden

Per Anders til topps for fjerde gong

Telemark forsvara med glans den sterke posisjonen innanfor folkemusik­k. Per Anders Buen Garnås vann Landskappl­eiken i hardingfel­e klasse A for fjerde gong.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Per Anders Buen Garnås frå Bø vann hardingfel­e klasse A på Landskappl­eiken for fjerde gong. Telemark har no 49 sigrar i den prestisjef­ylte konkurrans­en.

– Veldig moro. Eg følte at båe slåttane i finalen gjekk like bra, seier den blide vinnaren frå Bø i ein prat med Varden rett etter premieutde­linga. Det var enorm stemning i Trysilhall­en da premielist­a vart offentlegg­jort sundag ettermidda­g.

Ny siger

I finalen spela Per Anders slåttane «Tinnemann» og «Veneflamma». Det gav siger før Alexander Aga Røynstrand, Hardanger, og Lars Ingar Meyer Fjeld, også busett i Bø. Per Anders vann også denne klassa i 2003, 2010 og 2013.

– Eg har slite litt med fingrane, men no fungerer det bra ein siger i seg sjølv. Og så er det viktigast at pokalen kjem til Bø, seier Per Anders med eit smil. Dette var siger nr. 49 i hardingfel­e klasse A til Telemark.

Mange gode frå Telemark

Det var elles mange gode plassering­ar frå fylket vårt på stormønstr­inga som vart avslutta sundag ettermidda­g. I dans hardingfel­e klasse C fekk seljordjen­ta Gjertrud Raftevold Rue 2. plass. Den delte ho med saman med Vilde Ellegaard Westeng frå Gransherad og Neri Sørnaes Bakkjen. Dei var berre eitt poeng etter vinnarane Erland Voldhaug Andersen og Ingrid Svennaes frå Valdres. Sistnemnde oppnådde 71 poeng.

Briljerte i halling

16 år gamle Vilde Ellegaard Westeng delte tredjeplas­sen i halling C med 74 poeng. Her var ho tre poeng etter vinnaren Nikolai Bo Fischer Nielsen frå Nesodden. Knut Boksasp Berge frå Tinn vart nummer fem i same klasse med 73 poeng.

Mor hans, Unni Boksasp vart nummer tre i vokal klasse A, tre poeng etter vinnaren Margrete Nordmoen frå Trysil-Knut Dans- og spelmannsl­ag.

I dans hardingfel­e klasse D fekk Aud Manheim, Seljord og Kristian Hanto, Nome 3. plass. Manheim fekk òg fjerdeplas­s i same tevlinga saman med Johan Vaa frå Rauland.

Fekk pris

Elles fekk Gransherad Spel og dansarlag «Gnist-prisen» på 15.000 kroner. Kari-Anne E. Westeng tok imot prisen på vegner av laget som det blei blåse liv i for åtte år sidan.

 ??  ??
 ??  ?? UTDELINGA: Per Anders Buen Garnås tek imot fyrsteprem­ien - pokal og sjekk på 3.000 kroner.
UTDELINGA: Per Anders Buen Garnås tek imot fyrsteprem­ien - pokal og sjekk på 3.000 kroner.
 ??  ?? ANDREPLASS: Gjertrud Raftevold Rue med Torjus Westeng Bakken som følgje fekk delt andreplass i dans klasse C.
ANDREPLASS: Gjertrud Raftevold Rue med Torjus Westeng Bakken som følgje fekk delt andreplass i dans klasse C.
 ??  ?? STAS: Per Anders Buen Garnås med pokalen.
STAS: Per Anders Buen Garnås med pokalen.
 ??  ?? SPRETTEN: 16 år gamle Vilde Ellegaard Westeng frå Gransherad er ei spretten jente. Laurdag blei det andreplass i dans hardingfel­e og tredjeplas­s i halling. Spelemann er Lars Erik Skjøtskift Øygarden.
SPRETTEN: 16 år gamle Vilde Ellegaard Westeng frå Gransherad er ei spretten jente. Laurdag blei det andreplass i dans hardingfel­e og tredjeplas­s i halling. Spelemann er Lars Erik Skjøtskift Øygarden.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway