Varden

– Har lukka kultur

Psykolog Einar C. Salvesen meiner fleire barneverns­kontor har ein lukka og usunn kultur.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

▶ OSLO/BØ

Han er sakkunnig nemnd opp av rettsappar­atet og barneverne­t, fagkunnig meddommar og driv ein klinisk praksis.

Salvesen meiner mykje fungerer godt i det norske systemet, men at det også har store manglar.

Gjer aldri feil

– Altfor ofte møter me eit system med ein lukka og autoritaer kultur, og utan evne til å innrømme feil. Me ser avgjerder om omsorgsove­rtakingar fatta på eit svaert tynt grunnlag, konklusjon­ar som ikkje er i samsvar med faktagrunn­lag og vurderinga­r, seier Salvesen til Varden.

Han var tidlegare i år vitne i ei barneverns­sak frå nedre Telemark som Varden omtala.

Ei sak der barneverne­t i ein kommentar til avisa ikkje ville uttale seg om einskilde saker på grunn av teieplikta, men dei forsvara på generell basis praksisen sin med omsorgsove­rtaking. Salvesen synest på si side at denne saka er eit døme skremmande framferd.

Svaert traumatisk

På generell basis seier han at det er lett for barneverne­t å trå feil.

– Kor dramatisk og traumatisk ei omsorgsove­rtaking er for dei familiane som blir råka, kan ikkje overvurder­ast, understrek­ar barneverns­psykologen. – Bortsett frå bruk av tvang i psykiatrie­n finst det knapt andre område i samfunnet enn barneverne­t der staten kan gri- pe så drastisk inn i den private sfaeren til menneska. Barneverne­t si oppgåve er difor saerleg krevjande og fordrar høg kompetanse på ei rekke område, understrek­ar psykolog Einar Salvesen.

Tette band

Han viser òg til at i ein del saker er det barneverne­t sjølv som plukkar ut sakkunnige psykologar til å greie ut omsorgssit­uasjonen for barna i dei biologiske familiane. – I desse tilfella blir barneverns­tenesta å sjå på som godt betalte oppdragsgj­evarar for dei sakkunnige. I første omgang skal dei sikre at vedtaka hjå barneverne­t sjølv er fatta på rett grunnlag. Ofte er det dei same psykologan­e som blir brukte til å greie ut sakene. Etter kvart oppstår det tette band mellom dei sakkunnige og oppdragsgi­varen, barneverns­kontora. Når dei sakkunnige rapportane blir utarbeidde, ser me altfor sjeldan at dei sakkunnige stiller seg kritisk til barneverne­t, eller at dei kjem med alternativ­e forståinga­r eller løysingar, seier Einar C. Salvesen.

Harald Berre på Notodden er medlem av ei faggruppe for barnevern i Fagforbund­et.

– Når det gjeld bruk av teieplikta, som Bård Hoksrud kommentere (se sak på toppen av siden, red. anm), vil eg seie at det bør gjerast noko med lova. Teieplikta er til for å beskytte barnet. Dersom hemmelegha­ld blir nytta for å skjule dårlege vurderinga­r, er det ikkje til beste for barnet, seier Harald Berre i ein kommentar til Varden.

Som fosterfar sjølv finn han det ikkje rett å kommentere kritikken frå psykolog Einar C. Salvesen.

– Det eg kan seie er at barneverne­t reddar mange, seier Harald Berre som jobbar ihuga for at forholda i fosterheim­ane skal bli betre.

 ?? FOTO: PRIVAT ?? STORE MANGLAR: Psykolog Einar C. Salvesen meiner det er store manglar i det norske barneverne­t.
FOTO: PRIVAT STORE MANGLAR: Psykolog Einar C. Salvesen meiner det er store manglar i det norske barneverne­t.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway