Varden

Vil skape eit betre klima rundt barnet Einar C. Salvesen er med i det nyoppretta nettverket Kvalitet i barneverne­t (KIB)

- ▶ Halvor Ulvenes

Nettverket ønskjer å bidra til eit betre klima rundt barnet, og skape ein naturleg relasjon til eigna biologiske foreldre. Nettverket prøvar vidare å skape ei tryggare og meir tillitskap­ande ramme rundt samvaeret, der foreldre kan få ein sjanse til å vise ressursane sine.

– Det er openbart at ein del foreldre som har mista omsorga barna sine ikkje eignar seg for eit slikt opplegg. Ordninga må omfatte dei som har endringspo­tensial, har evne og vilje til å ta imot rettleiing, har empati og innleving i situasjone­n til barna. Me vil hevde at dersom foreldre blir møtt med openheit, tillit og god dialog, vil langt fleire bli i stand til å profittere på ordninga enn det ein ofte skulle tru, seier Salvesen.

– Erfaringa vår er nettopp denne: foreldre føler seg lite sett, misforståt­t og underkjent som samarbeids­partnarar på tiltak som gagnar barna deira. Ei ny ordning vil kunne få fram ressursar som elles ikkje kjem til syne hjå dei involverte, legg han til.

– For å få til ei samvaersor­dning som fungerer betre, bør det leggast til rette for ein prosess med sikte på å skape ein mest mogleg naturleg relasjon mellom barna og deira biologiske foreldre. Dette vil medføre meir fleksible rammer, både når det gjelder tid til samvaer og etablere andre møteplassa­r. Konsekvens­ane av reviderte samvaersor­dningar i ein del saker vil vere at biologiske foreldre på sikt vil utgjere ein naturleg del av barnas nettverk. Når barna når myndig alder ser ein at mange søkjer tilbake til sine biologiske røter, seier psykolog Einar Salvesen.

 ??  ?? INVOLVERT: Advokat Sulman Maroof Hussain er advokat for fleire foreldre i Telemark.
INVOLVERT: Advokat Sulman Maroof Hussain er advokat for fleire foreldre i Telemark.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway