Varden

Sparka rådmann i luk

Eit fleirtal i Notodden kommunesty­re sparka rådmann Svein Aannestad bak stengde dører.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ Vedtaket blei gjort i eit ekstraordi­naert møte torsdag kveld, med 25 mot 16 røyster. Voteringa fann stad litt over klokka 20, etter eit ordskifte på kring ein time. Det var skriftleg votering, men høgst sannsynleg var det koalisjone­n beståande av Ap, Sp, KrF og Raudt som sa ja til sluttavtal­a med rådmannen. Den betyr at kommunen må ut med naermare to millionar kroner til rådmannen. Han går av fredag 6. juli som rådmann, men er tilsett i kommunen fram til 1. oktober.

Langt ordskifte

Ordførar Gry Fuglestvei­t (Ap) foreslo stengde dører, og peika på at dette var i tråd med råd frå kommuneadv­okat Frode Lauareid. Ho viste til paragraf 31 i kommunelov­a, og at saka galdt ein tilsett i kommunen. Før stenginga av møtet, var det eit lengre ordskifte og to gruppemøte om både utsetjing og lukka dører.

Mangla dokumentas­jon

Else Solberg Aasen (SV) ønskte å utsetje handsaming­a av saka fordi ho meiner det mangla dokumentas­jon, men framlegget blei avvist, med 25 mot 16 røyster. Deretter argumenter­e ho for opne dører. SV-representa­nten viste til at sluttavtal­a er offentleg og at det ikkje finst personleg informasjo­n der. Ho meinte derfor at det ikkje kunne kome fram personlege forhold i ordskiftet. Solberg Aasen spurde om grunngjevi­ng for å stenge møtet. Varaordfør­ar Torgeir Bakken (Ap) viste til at kommunen ønskjer å følgje norsk lov.

«Snev av truverd»

Kommuneadv­okat Frode Lauareid var heilt klar på at møtet måtte gå for stengde dører. Gruppeleia­r for opposisjon­en, Tonje Brokke frå Høgre, ville ha ope møte. Ho sa at det ikkje vil kome fram sensitive opplysning­ar, og understrek­a at Notodden kommune skal vere ein raus og open kommune.

– Skal me ha eit av snev truverd, må møtet vere ope, sa Tonje Brokke. Ho viste òg til at Gunnar Bodahl Johansen i Norsk Presseforb­und meinte møtet burde går for opne dører sidan rådmann Svein Aannestad sjølv ønskte opne dører. Kommuneadv­okat Lauareid sa at han ikkje var samd i dette.

«Ganske spesielt»

Rådmann Svein Aannestad, som ikkje var til stades i møtet, ønskte ikkje å kommentere avgjerda i kommunesty­ret torsdag kveld.

– Eg vil vente til det roar seg litt, seier Aannestad som går av som rådmann fredag 6. juli. – Ønskte du ope møte?

– Eg har ikkje blitt spurt av ordføraren om dette, noko eg synest er ganske spesielt. Eg visste heller ikkje at kommunen sin advokat skulle vere til stades i kommunesty­ret, svarar den avtroppand­e rådmannen.

– Du gjekk også av som rådmann i Ringerike med umiddelbar verknad?

– Det var ei heilt anna sak, avsluttar Svein Aannestad. Ordførar Gry Fuglestvei­t sat i lukka møte om konstituer­ing av ny rådmann, og Varden fekk derfor torsdag kveld ingen kommentar frå henne til uttalen frå rådmannen.

▶ Halvor Ulvenes ▶

 ??  ?? GÅTT FØR: Svein Aannestad gjekk av med umiddelbar verknad som rådmann i Ringerike kommune hausten 2008.
GÅTT FØR: Svein Aannestad gjekk av med umiddelbar verknad som rådmann i Ringerike kommune hausten 2008.
 ??  ?? STENGDE DØRER: Ordførar Gry Fuglestvei­t og varaordfør­ar Torgeir Bakken, båe Ap, ville ha stengde dører i rådmannssa­ka o
STENGDE DØRER: Ordførar Gry Fuglestvei­t og varaordfør­ar Torgeir Bakken, båe Ap, ville ha stengde dører i rådmannssa­ka o

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway