Varden

Bø Sommarland ligg over fjoråret

Bø Sommarland har hatt større besøk enn på same tid i fjor.

- ▶ MAGASUGET: Ein av attraksjon­ane i parken. ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

– Interne retningsli­ner gjer at eg ikkje kan opplyse noko eksakt besøkstal. I juni i fjor hadde parken 30.000 besøkande, men da var det regn alle helgene i den månaden. No ligg me føre same tid i fjor. Eg er fornøgd, opplyser direktør Renè Langeveld Sas til Varden.

2017-sesongen enda med eit besøkstal på over 143.000.

Langeveld Sas opplyser at dagsrekord­en så langt i 2018 er 5.500 personar. På det direktesen­de TV-showet i samband med Sommarland Skifestiva­l sist veke var det over 3.000 menneske.

Gidd ikkje vente

Han opplyser at nordlendin­gane har tjuvstarta ferien i år.

– I Bodø må folk gå med ulltrøye, så overnattin­gsbedrifte­ne melder at nordlendin­gane har teke turen sørover tidlegare. Dei gidd ikkje vente på finvêret, seier Sommarland-direktøren.

– Det kan ikkje bli for fint vêr også for Sommarland?

– Ein del tørre parkar opplever nok det, men ikkje for oss som har vasstilbod. I vårt leikeland er det derimot ingen aktivitet. Der blir det for varmt. Folk vil berre vere i vatnet på slike dagar, seier Renè Langeveld Sas.

– Det er duka for høgare besøk enn i fjor?

– Vêret framover vil avgjere dette, svarar han.

Naer 300 jobbar

Sommarland-direktøren opplyser at i underkant av 300 ungdommar har sommarjobb i parken.

– Det er berre å ta av seg hatten for den jobben dei gjer. I denne varmen kan det vere krevjande å vere tilsett.

Som følgje av større besøk, aukar også utgifter til lønn. Det føler toppsjefen er eit luksusprob­lem.

Stort vassforbru­k

Han opplyser at plenane er gule i tørken.

– Me har valt å følgje vatningsfo­rbodet til kommunen og ikkje vatne grøntområd­a. Det er viktigare å få noko vatn i anlegget.

– Sommarland er den største vasskunden i Bø, men eg har ikkje tal no på det daglege forbruket. Det varierer, seier Renè Langeveld Sas.

Det er stor brannfare i skogen, og bedrifta har derfor mellom anna stoppa all kantslått.

 ?? ARKIVFOTO ?? POPULAERT: Bassenga er populaere i sommarvarm­en.
ARKIVFOTO POPULAERT: Bassenga er populaere i sommarvarm­en.
 ??  ??
 ??  ?? FORNØGD: Direktør Renè Langeveld Sas er fornøgd med sesongen så langt.
FORNØGD: Direktør Renè Langeveld Sas er fornøgd med sesongen så langt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway