Varden

Utstilling på dugnad

Eldsjelene har arrangert utstilling i over 25 år. Igjen byr dei på variert kunst i det gamle dampfarger­iet.

- ▶ ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Hørte Dampfarver­is Venner har 63 medlemmer, og denne helga opnar dei salsutstil­linga med foto, måleri, akvarellar, keramikk og tekstil og teikningar.

Kunstnaran­e Ive Hagen, Arne Kleng Dahle, Øivind Engeland, Sølvi Strand, Kristin Eidem, Turid Schelver, Torunn Myrann, Nina Resch, Unni Spakmo samt Årvoll Keramikk er represente­rte.

Eiga gudstenest­e

Utstilling­a opnar i dag, laurdag, og i morgon er det tradisjons­rik messe på Gårahaug i Bø. Etterpå er det kyrkjekaff­i på fargeriet, som vart bygd i 1878 av Christen Andersson Hørte.

Onsdag 11. juli er det rusletur til Kjerremyr og Helgehøl, med Peter Sevatdal som guide.

– Laurdag 11. juli er det aktivitets­dag - med plantefarg­ing, spinning, veving , spikking og brodering, fortel primus motor Anne W. Hørte.

Nytt av året er også at det er slege opp ei flott tavle med informasjo­n om Hørteverke­t.

Lang historie

Gjennom 250 år var det mykje industri langs Hørteleva, som ligg på grensa mellom Bø og Sauherad. Frå 1691 og framover var det bygde opp tre hamrar knytt til Holden jernverk. Denne verksemda var på båe sider av elva.

Halvor Borse bygde den eldste hammaren på Moen i slutten av 1680-åra. Her vart det og bygd eiga kolahus, og jorda er framleis svart av trekol på staden.

Den eldste mølla, Øvre Mølle, vart ført opp i 1868. Den blei rive, og nytt anlegg sett opp 13-14 år seinare.

Staden fekk eigen landhandel sist i 1870-åra. Anthon C. Hørte dreiv den fram til konkursen i 1889. Det vart så skifte av eigarar fram til 1911 da Olav E. Kåsa kjøpte eigedomen. Han dreiv den saman med kona fram til 1960.

Eiga sag

Hørte hadde også eiga sag. Den er fyrst nemnd i 1856. Det vart bygd ny sag i 1915 som var i drift saman med mølla til båe verksemden­e brann for 50 år sidan - i 1968. Oberstløyt­nant Waldemar Rye bygde «kapteingar­den», også kalla «Rye-garden», på Hørte ring 1834. Han bygde opp eit gardstun med samanhenga­nde bygningar på tre sider og ope mot bygdevegen på den fjerde. Denne soga om Hørteverke­t kan gjestene på utstilling­a få med seg på den nye informasjo­nstavla.

 ?? ALLE FOTO: HALVOR ULVENES ?? MANGE VENER: Anne W. Hørte er ei av eldsjelene i Hørte Dampfarver­is Venner. Utstilling­a er på dugnad.
ALLE FOTO: HALVOR ULVENES MANGE VENER: Anne W. Hørte er ei av eldsjelene i Hørte Dampfarver­is Venner. Utstilling­a er på dugnad.
 ??  ?? NYTT SKILT: Nytt informasjo­nsskilt med soga om Hørte.
NYTT SKILT: Nytt informasjo­nsskilt med soga om Hørte.
 ??  ?? NATUR: Øivind Engeland stiller med akvarellar på Hørte.
NATUR: Øivind Engeland stiller med akvarellar på Hørte.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway