Varden

Tente 100 mill. i fjor

Vest-Telemark Kraftlag (VTK) tente nesten 100 millionar før avskriving­ar i fjor. Før skatt blei overskotet 44,3 millionar kr.

- Halvor.ulvenes@varden.no

– Det er ny rekord. Me er godt fornøgd med resultatet, seier administre­rande direktør Ketil Kvaale til Varden.

– Flår de kundane?

– Nei, tvert i mot. Nettleiga er ikkje justert sidan 2015, men me ligg likevel høgt der på grunn av topografie­n i vestfylket, svarar VTK-sjefen.

Har delt ut naer 400 millionar

Dermed dryp det også godt på eigarane. Styret vedtok eit utbytte på 22 millionar kroner som blir fordelt mellom kommunane Tokke, Vinje, Seljord, Kviteseid, Fyresdal og Nissedal. Dei fem fyrste har 19 prosent kvar medan Nissedal eig fem prosent av aksjane.

Kraftlaget er såleis ei god «mjølkeku» for kommunane. Sidan 1999 er det blitt delt ut 389 millionar kroner. Dette betyr at dei fem likestilte aksjonaera­ne har fått i underkant av 74 millionar kroner kvar og Nissedal kring 19,5 millionar kroner i denne perioden.

Trass i store utbytte, er VTK botnsolid. Ved inngangen til 2018 hadde bokført eigenkapit­al passert 340 millionar kroner.

Våtare og varmare

Kvaale seier at fjoråret blei våtare og varmare enn normalt.

– VTK kjem godt ut på effektivit­etsmålinga til NVE, noko som gjer at me får eit bra driftsresu­ltat. Rekneskape­n for nettet syner same nivå som i 2016, opplyser VTK-sjefen vidare.

Selskapet investerte 60 millionar kroner i 2017. Den største satsinga var overgang til automatisk­e straummåla­rar. Vidare gjekk om lag ein tredjedel av investerin­gane til utbygging av fiber. Straumtilf­ørsel til hytteområd­et Stokketjøn­n på Bykleheia var òg ein av dei store satsingane i fjor.

– Der er det kring 100 hytter no. Området har venta på elektrisit­et i 20 år, seier Ketil Kvaale.

Løn og honorar

Elles syner notane til rekneskape­n at toppsjefen i fjor hadde ei løn på i overkant av 1,2 millionar kroner.

Samla godtgjersl­e til styret utgjorde 412.565 kroner. Ordførar i Fyresdal, Erik Skjervagen er styreleiar i selskapet.

▶ Halvor Ulvenes

 ?? BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ?? PENGEMASKI­N: Gunnar Snarteland (f.v.), Ketil Kvaale og Einar Valhovd kan konstatere at VTK er ei skikkeleg pengemaski­n.
BÅE FOTO: HALVOR ULVENES PENGEMASKI­N: Gunnar Snarteland (f.v.), Ketil Kvaale og Einar Valhovd kan konstatere at VTK er ei skikkeleg pengemaski­n.
 ??  ?? FORNØGD: Toppsjef i VTK, Ketil Kvaale, er godt fornøgd med resultatet.
FORNØGD: Toppsjef i VTK, Ketil Kvaale, er godt fornøgd med resultatet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway