Varden

15.000 gjester og 20.000 øl

15.000 gjesta årets utgåve av Seljordfes­tivalen. – Godt fornøgd, seier dagleg leiar Egil H. Moen til Varden.

-

Alt tysdag hadde 700 bilar og vogner sjekka inn på dyrskuplas­sen. Ved opninga onsdag ettermidda­g var talet 1.200 og ved avslutning­a hadde 1.600 vogner teke inn på plassen. Rekorden er på 2.000 vogner.

20.000 halvlitera­r

Moen fortel at det vart tappa 20.000 halvlitera­r frå kranene inne på festivalom­rådet.

– Alle trur at me sel så mykje øl på slike dagar. Det ideelle vêret for oss er kring 20 grader. Med 30 grader bevegar folk seg mindre. Dei sit heller ved vognene, der dei har både mat og drikke, seier Moen.

Har endra seg

Han fortel at arrangøren har satsa på eit breiare spekter i underhaldn­ingstilbod­et - fleire konsertar og utflukter, med både båt- og fjellturar.

– Det må til for eit arrangemen­t som går over så mange dagar. Me har fått meir tilbod av musikk som fenger, meiner Moen.

Han er mannen som drog i gang både Dansebandf­estivalen - som skifta namn til Seljordfes­tivalen - og Countryfes­tivalen.

Ekstra populaere

– Det var fulle dansegolv. Under Christer Sjögren og Vikingarna var det ekstra tett, seier Moen.

Han fortel også at det blei arrangert kurs i swing - med Glenn Jørgen og Alexandra frå TV2-programmet «Skal vi danse?»

Festivalen skaper enorm aktivitet. Når det regner på presten, dryp det som kjend også på klokkaren - i dette tilfellet handelssta­nd og overnattin­gsbedrifte­r i Seljord.

– Desse arrangemen­ta har stor betydning for bygda, seier Moen.

Dette er aksjonaera­ne

Han er ein av aksjonaera­ne i Gjemo som eiga 65 prosent av Seljordfes­tivalen. Moen har halvparten av aksjane i Gjemo - den andre halvparten er kontroller­t av Hans Olav Omtveit og Morten Olav Dyrud gjennom deira eigne investerin­gsselskap.

Dyrskun Arrangemen­t AS sit på 35 prosent av aksjane i Seljordfes­tivalen som dei siste åra har hatt ei årsomsetni­ng på kring ti millionar kroner. ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

 ?? FOTO: SELJORDFES­TIVALEN ?? MANGE GJESTER: 1.600 vogner og bubilar på Seljordfes­tivalen i helga. Rekorden er på 2.000 vogner.
FOTO: SELJORDFES­TIVALEN MANGE GJESTER: 1.600 vogner og bubilar på Seljordfes­tivalen i helga. Rekorden er på 2.000 vogner.
 ?? FOTO: BIRGIT ESPEDALEN ?? STOR STEMNING: Full fart og stor stemning på dansegolva i Seljord.
FOTO: BIRGIT ESPEDALEN STOR STEMNING: Full fart og stor stemning på dansegolva i Seljord.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway