Varden

Gerd på nytt Gaza-tokt

- Halvor.ulvenes@varden.no

Gerd von der Lippe skal på ny tokt mot Gaza - denne gongen i norsk båt.

Freedom Flotilla Coalition (FFC) er ein internasjo­nal koalisjon som har som mål å bryte det dei meiner er den ulovlege israelske blokaden av Gaza.

Den har medlemmer frå nesten heile verda, blant anna Ship to Gaza Norge (STGN). Der er Gerd von der Lippe nestleiar.

– Vår misjon er ikkjevald. Når den israelske marinen stoppar vår båt ulovleg, skal me gjere passiv motstand, opplyser von der Lippe til Varden. Ho er førebudd på å bli fengsla.

«Mental terrorisme»

– Eg trur ikkje me blir skadd, men berre utsett for mental terrorisme», seier von der Lippe.

I år er det ein norsk og tre svenske båtar som deltek. Den norske er ein ombygd gamal fiskebåt frå 1963.

Det er fyrste gongen at FFC har med ein norsk båt, ifølgje von der Lippe.

800.000 palestinar­ar

Ho seiar at aksjonen er for å støtte dei kring 800.000 palestinar­ar som blir drivne frå heimane sine.

– Ifølgje FN har dei rett til å få heimane sine tilbake. FN seier at det ikkje vil vere mogleg å bu i Gaza i 2020 fordi Israel ikkje gjev innbyggjar­ane lov til å byggje ut infrastruk­turen med reint vatn, elektrisit­et, vegar og skular, sier Gerd von der Lippe.

▶ Halvor Ulvenes

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? IKKJEVALD: - Vår misjon er ikkje vald, seier Gerd von der Lippe.
FOTO: HALVOR ULVENES IKKJEVALD: - Vår misjon er ikkje vald, seier Gerd von der Lippe.
 ?? FOTO: AP NTB SCANPIX ?? DEMONSTERE­R: Palestinsk­e kvinner spring frå tåregas under ein demonstras­jon ved Gaza-stripa i forrige veke.
FOTO: AP NTB SCANPIX DEMONSTERE­R: Palestinsk­e kvinner spring frå tåregas under ein demonstras­jon ved Gaza-stripa i forrige veke.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway