Varden

Startar ny bedrift

Dei fann kjaerleike­n på eit landsmøte. No har Agnes og Svein Inge starta ny bedrift.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ Bertelsen Nyhuus Optikk er namnet på den aller nyaste forretning­a i Bøgata.

Den opna måndag morgon, og bak verksemda står optikarane Agnes Holtskog Nyhuus (26) og Svein Inge Bertelsen (33).

Båe har optikarutd­anning frå Kongsberg og dei har arbeidd i Krogh Optikk.

Langsiktig

– Me har tru på å levere kvalitet til ein fornuftig pris, seier det blide ekteparet.

Dei er lokalisert i Vertshusby­gget i Bø sentrum. Der har dei investert i nytt utstyr for å kunne gjennomfør­e grundige synsunders­økingar.

– Me likar yrket godt og draumen har alltid vore å kunne starte for seg sjølv. Her kan me styre vår eigen kvardag og yte god service til kundane, seier Agnes og Svein Inge.

Han har også teke ekstra utdanning på kontaktlin­ser.

Odelsjente

Agnes er også yngstejent­a på fruktgarde­n Nyhuus i Sauherad, men det er 26-åringen som skal føre familiebru­ket med 12.000 eple- og plommetre vidare.

– Syskena mine ønskte ikkje å overta, og eg har alltid hatt lyst til å bu på garden. Eg skal overta eigedomen i løpet av ein periode på tre-fem år, men slik det er blitt i dag er ein nøydd til å ha inntekt utanom. Framover blir det fullt fokus på å vere optikar, seier Agnes.

Frå Harstad

Svein Inge kjem frå Harstad, der faren arbeidde som optikar, så han har vakse opp med faget.

Det unge paret trefte kvarandre på landsmøtet i Norges Optikerfor­bund for fem år sidan.

– Det var kjaerleik ved fyrste blikk, seier Agnes.

Familien er sidan blitt utvida med ein liten gut som snart fyller eitt år.

Tenkjer langsiktig

Dei nye bedriftsei­garane, som har eige aksjeselsk­ap, er fullt klar over at det tek tid å innarbeide ei ny bedrift.

– Det er eit godt optikarmil­jø i Bø og me tenkjer langsiktig. Det gjeld å ha litt is i magen, seier Svein Inge Bertelsen.

Halvor Holtskog, far til Agnes, driv med grafisk design.

– Me har hatt svaert god hjelp av han til både å profilere den nye bedrifta og lage trykksaker for oss, seier dei nye drivarane i Bøgata. ▶ Halvor Ulvenes

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? LANGSIKTIG: – Me tenkjer langsiktig, seier Svein Inge Bertelsen og Agnes Holtskog Nyhuus som har starta ny bedrift i Bø.
FOTO: HALVOR ULVENES LANGSIKTIG: – Me tenkjer langsiktig, seier Svein Inge Bertelsen og Agnes Holtskog Nyhuus som har starta ny bedrift i Bø.
 ??  ?? DRAUMEN: Det har vore draumen for det unge paret å starte ny bedrift.
DRAUMEN: Det har vore draumen for det unge paret å starte ny bedrift.
 ??  ?? OPNA: Svein Inge Bertelsen og Agnes H. Nyhuus opna måndag.
OPNA: Svein Inge Bertelsen og Agnes H. Nyhuus opna måndag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway