Varden

Høge kommunale avgifter

- Kjell Evju

I Varden 5. juli blir det visa til uttale frå Huseigeran­es Landsforbu­nd der generalsek­retaer Morten Andreas Meyer samanlikna­r kommunale avgifter i Telemark og seier «Det er urimeleg og uforståele­ge forskjelle­r frå kommune til kommune.» Dette viser at han ikkje har gjort forsøk eller forstått kva som ligg til grunn for avgiftbere­kninga.

Kor gamle er vann- og kloakkanle­gga, kor store delar av kommunen har fått dette tilgjengel­eg? Kor enkelt/komplisert er det å bygge ut? Kor langt er det mellom abonnentan­e? Kva slag vasskjelde er nytta? Det er store skilnader på utbyggings- og driftskost­nadene for grunnvann og overflatev­ann, beliggenhe­t, topografi, med mer. Det same gjeld for kloakkrens­eanlegg med omsyn til resipient, ledningsan­legg, antall pumpestasj­oner m.m.

Må det byggast fleire vassinntak og fleire renseanleg­g og pumpestasj­oner påverkar dette sterkt kostnadene.

For renovasjon får ein noko av det same. Transporta­vstandane i Vest-Telemark som eg kjenner er ca 10 gonger lenger pr. abonnent enn t.d. heile Vestfold fylke. Arealet er ca 3 gonger større enn nevnte fylke. Det innebaerer også fleire mottakspun­kt med tilsvarand­e faerre brukarar. Til trass for det er avgiftsniv­ået samanlignb­art med store tettbebygd­e kommunar. Korleis forklare dette?

Dersom revisjon i kommunane har gjort jobben sin og kontroller­a sjølvkostp­rinsippet noko eg føresett, så må personer/organisasj­oner som er ute etter populistis­ke oppslag sjå kva slag konsekvens­er slike oppslag har.

Klart vi skal ha kritisk syn på all offentleg verksemd men slike oppslag er etter mitt syn svaert uheldige då det skaper inntrykk av at kommunane berre forsyner seg der det passar dei. Det å skulde andre for dårleg handtverk utan dokumentas­jon eller forsøk på å forstå eller finne årsaken til ulikhetene, synes eg er ei alvorleg sak.

 ?? ILLUSTRASJ­ONSFOTO: NTB SCANPIX ?? ULIKE KOSTNADER: Kor gamle vann- og kloakkanle­gga i ein kommune er og kor komplisert det er å bygge ut dette, er blant forholda som påverkar dei kommunale avgiftene.
ILLUSTRASJ­ONSFOTO: NTB SCANPIX ULIKE KOSTNADER: Kor gamle vann- og kloakkanle­gga i ein kommune er og kor komplisert det er å bygge ut dette, er blant forholda som påverkar dei kommunale avgiftene.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway