Feirar 50 år med f lott utstilling
Seljord kunstforening markerer 50-årsjubileet med ei stor sommarutstilling.
Eldsjeler i husmorlaget, som hadde utstillingar av kunst og handverk gjennom fleire år, la grunnlaget for kunstforeininga som vart stifta hausten 1968.
Fekk gjennomslag
Rektor Sigurd Telnes var med i byggjenemnda for ny ungdomsskule i bygda. Der fekk han gjennomslag for at den skulle ha undervisningsrom for kunst- og handverk knytt til aulaen. Dermed hadde bygda også utstillingslokale frå 1969 og fram til Kunstlåven stod ferdig i 1990-åra.
Sommarutstillinga opna også i år fyrste helga i juli. Tidlegare fall opninga saman med Seljordspelet, som gjennom mange år var eit årvisst og populaert arrangement i sjøormbygda.
Fire etasjar
I dag er Kunstlåven - den gamle driftsbygningen på husmorskulen - pryda med vakker kunst frå fyrste til fjerde etasje.
Dei 14 kunstnarane i årets utstilling har alle vore med i det kunstnariske rådet til jubilanten - Ingrid Askeland, Kristine Brodersen, Phillipp Dommen, Knut Flatin, Terje Grøstad, Torhild Grøstad, Johannes Høie, Marylin Ann Owens, Øystein Wyller Odden, Ann Kathrin Samuelsen, Ellen Henriette Suhrke, Arne Svalastog, Gunnar Torvund og Ånond Versto.
Formidabel jobb
Publikum møter arbeida til Gunnar Torvund, som nyleg runda 70 år, med ein flott skulptur før inngangen.
– Torvund har gjort ein formidabel jobb for Seljord kunstforening, seier Torhild Grøstad. Han er også representert med fleire andre kunstverk i utstillinga. Det er Torhild sjølv og faren hennar, Terje Grøstad. Han er mest kjend for tresnitt, men i år har kunstforeininga hengt opp måleri etter kunstnaren.
Menneskeskapte spor
Fotograf Arne Svalastog er oppteken av dei menneskeskapte spora i naturen, og stiller med blant anna to flotte fotografi frå Island.
Ånond Versto, som bur og arbeider i Flatdal, er ein av dei unge kunstnarane som stiller med fleire figurar.
Han skriv sjølv at arbeida hans er eit forsøk på å gje uttrykk for ei undring gjennom klare, talande former og figurar.
Ingrid Askeland frå Bø er ein annan ung kunstnar som stiller med arbeid som representerer det ho kallar åndelege og moralske forfall - fylla.
▶ Halvor Ulvenes