Varden

Gamal trekkraft

-

▶ VINJE Hestevandr­inga blei bruka i eldre tider til å få fart på roterande maskiner som treskeverk, kverner osb. Reima til overføring av kraft, eller akslingen, måtte enten gravast ned eller hevast over hestane. Det var eit tungt og utriveleg arbeid for hestane å gå i ring. Innretning­a vart nytta på gardar der det ikkje var stor nok elv til å drive eit vasshjul. Dampmaskin­a avløyste hestevandr­inga. Denne hestevandr­inga står på museet i Øyfjell, der eldsjeler har bygd opp eit tun med hus frå ulike stader.

Halvor Ulvenes

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway