Varden

Full stopp i skogsdrift­a

AT Skog innfører full driftsstan­s i Telemark frå fredag 13. juli på grunn av stor brannfare.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ – I Aust-Agder vart det innført stopp sist måndag. For Telemark og Vest-Agder vert det full stans i all skogsdrift frå fredag 13. juli klokka 06. Den gjeld fram til det kjem nedbør av betydning, opplyser skogsjef i AT Skog, Knut Nesland, til Varden.

– Dette omfattar kring 40 entreprenø­rlag. Mellom 15 og 18 av desse er i Telemark. Det er to personar på kvart lag - ein som køyrer hogstmaski­na og ein som fører lassberare­n for å få fram tømmeret til leggeplass. Såleis berører dette kring 35 personar i Telemark, som enten er tilsette eller sjølvstend­ig næringsdri­vande, seier Nesland.

Derfor er det farleg

Det er fyrst og fremst fare for gnistar frå kjettingar, belte og plata under buken på maskinene som utgjer den største brannfaren.

– Dersom det ryk ei trinse på hogstaggre­gatet, kan den også utløyse brann. Denne trinsa har svært høg temperatur, seier Nesland.

Etter det han kjenner til, må ei tilbake til 1976 for å finne slike omfattande tiltak.

– Da hadde ein Heddalsbra­nnen. No byrjar bjørka å gulne og det er eit dårleg teikn, seier Nesland. Han fortel at entreprenø­rane har med seg beredskaps­pakker for å kunne sløkkje brann. Fleire har også hatt med seg eigne tankar med vatn og spreieutst­yr i fall det skulle ta fyr, men så langt har det gått bra. Dei siste vekene har AT Skog sine entreprenø­rar halde seg unna furumark, men no har det også blitt så tørt i granskogen at ein ikkje kan halde på vidare, ifølgje Knut Nesland.

Veldig bekymra

Olav Veum frå Fyresdal er styreleiar både i AT Skog og Norges Skogeierfo­rbund.

– Eg er veldig bekymra på grunn av den store brannfaren. Dette er også ein veldig alvorleg situasjon, fordi stoppen påverkar næringa, seier Olav Veum.

Dersom stoppen blir langvarig, vil stansen berøre både sagbruk og tømmertran­sport.

▶ Halvor Ulvenes

 ??  ?? DRIFTSSTAN­S: All skogsdrift i Telemark blir stoppa frå klokka 06 fredag 13. juli.
DRIFTSSTAN­S: All skogsdrift i Telemark blir stoppa frå klokka 06 fredag 13. juli.
 ??  ?? BEKYMRA: Styreleiar i AT Skog, Olav Veum (nærmast) er bekymra.
BEKYMRA: Styreleiar i AT Skog, Olav Veum (nærmast) er bekymra.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway