Varden

Refsar sine eigne

Eit hastesak i Hjartdal kommune rett før ferien skaper politisk bråk.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ Det var onsdag 27. juni at hastesaka i planutvale­t - som omhandla uttak av drikkevatn frå Sjåvatn i Tuddal - vart handsama. Dette prosjektet har tidlegare skapt stor strid i kommunen, både blant grunneigar­ar, hyttefolk og folkevalde.

Saka denne gongen gjaldt søknad frå det kommunale selskapet Russmarken VA om dispensasj­on frå kommunepla­nen for rørtrase, pumpehus, tilkomstve­g og masseuttak. Det var framlegg i møtet om å utsetje saka, men det fall med fire mot to røyster. Deretter vart rådmannen si tilråding om dispensasj­on frå kommunepla­nen vedteke samrøystes.

Kom etterpå

Før møtet skjedde følgjande: Måndag 25. juni melde utvalsleia­r Audun Solberg (KrF) forfall. Dagen etter kom det epost frå administra­sjon i Hjartdal kommune om at søknaden frå Russmarken, som er datert 9. mars i år, skulle opp som ekstra sak.

Uheldig sakshandsa­ming

Utvalsleia­r Audun Solberg er kritisk til det som har skjedd. Det har han uttrykt både i lesarbrev til avisene og over for Varden.

– Det har vore ei uheldig sakshandsa­ming. Partia og representa­ntantane har ikkje fått god nok tid til å setje seg inn i saka. Eg fekk heller inga orienterin­g om at den skulle opp i utvalet om to dagar, det kan vere tilfeldig, seier Solberg til Varden. – Det var to forfall og ein representa­nt var inhabil. Dersom det ikkje hadde vore forfall, ville det blitt fleirtal for å utsetje saka til neste møte, legg KrFpolitik­aren til.

Inga enkel sak

I lesarbreve­t, som stod på trykk her i avisa sist torsdag, skriv Solberg at han fyrst fekk melding om saka om ettermidda­gen tysdag 26. juni.

– Det var inga enkel sak. Saka handlar om dispensasj­onssøknad om å lage 2,4 kilometer veg til Sjåvatn, fire kilometer rørgate for vatn, pumpehus ved Sjåvatn og masseuttak på inntil 5.000 kubikkmete­r i samband med arbeidet. Det tilsvarar 500 billass, skriv utvalsleia­ren.

Dispensasj­on

Administra­sjonssjef i Hjartdal kommune, Anne Bamle går i rette med sin eigen utvalsleia­r, Audun Solberg.

– Dette var inga vegsak, men ein dispensasj­on frå kommunepla­nen. NVE har tidlegare gjeve konsesjon for bygging av veg, understrek­ar Anne Bamle.

– Kvifor varsla du ikkje Solberg om at saka skulle opp da han melde forfall?

– Det blei fyrst klart dagen etter. Elles har både Solberg og utvalet tidlegare gjeve uttrykk for at at saker skal kome opp så raskt som mogleg. Når Solberg snakkar om at saka ville blitt utsett, forskotter­er han kva utvalsmedl­emmene ville ha røysta, seier Anne Bamle.

Full tillit

Ordførar Bengt Hallvard Odden (Ap) seier til Varden at han har full tillit til rådmannen. Odden var til stades i møtet 27. juni.

– God forvaltnin­gsskikk er følgd. Det er opp til utvalsmedl­emmene å avgjere om sakshandsa­minga er forsvarleg. Utvalet har også tidlegare handsama saker på kort varsel.

▶ Halvor Ulvenes

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? UHELDIG: – Uheldig sakshandsa­ming, seier leiar av planutvale­t i Hjartdal, Audun Solberg.
FOTO: HALVOR ULVENES UHELDIG: – Uheldig sakshandsa­ming, seier leiar av planutvale­t i Hjartdal, Audun Solberg.
 ??  ?? REAGERER: Grunneigar Håkon Bøen (t.h.). Tore Hagen, som represente­rer hytteeigar­ane, er også svaert kritisk til sakshandsa­minga.
REAGERER: Grunneigar Håkon Bøen (t.h.). Tore Hagen, som represente­rer hytteeigar­ane, er også svaert kritisk til sakshandsa­minga.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway