Varden

«Fake news» og Gaza-skip

- Halvor Øygarden Vinje

I Varden 10. juli fortel Gerd von der Lippe om ein ny tur for å bryte den så kalla «ulovlege blokaden» av Gaza.

Som vanleg kjem ho med feil opplysning­ar. Det er ingen ulovleg blokade. Blokaden er internasjo­nal. Både USA og EU innførde restriksjo­nar mot Fata og Hamasstyre­t i Gaza i 2006. Egypt har heilt stengt grensa mot Gaza. Dei vil ikkje ha Hamasterro­ren fritt inn.

Frå Israel kjem det over 400 lastebilar dagleg inn med mat og anna nødvendig utstyr. Det har vore restriksjo­nar på ymse byggevarer fordi Hamasregim­e heller vil bygge terrortunn­ellar inn i Israel enn å bygge opp infrastruk­ur. Til dette livsfarleg­e arbeidet brukar dei born og unge. Over 160 er drepne under graving av tunnellane.

Terrorregi­met brukar svaert mykje på dette, ressursar dei kunne ha bruka til å bygge oppatt vegar, skular, vassforsyn­ing, elektrisit­estsforsyn­ing m.m. Gerd von der Lippe gjev Israel skulda for dette.

Sjølvstyre: Gaza har hatt fullstendi­g sjølvstyre sidan Israel med bruk av haeren kasta ut sine eigne i august 2005. Mange trudde at no skulle det bli fred og utvikling. Men palestinar­ane øydela viktige anlegg bl.a. vassforsyn­ing og eit kjempestor­t gartneri som ville ha gjevi arbeid og inntekter for mange. Her blei det rakettutsk­ytingsramp­er. Trass i milliardov­erføringar frå Vesten har det gått frå vondt til verre.

Gerd von der Lippe slenger også ut at 800.000 palestinar­ar blir drivne frå heimane sine. Kva er dette? Skjer dette i dag? Det er mogleg ho tenkjer på dei 600.000 som rømde under den krigen araberane starta for å kaste jødane på havet 15.mai 1948. Dei blei sterkt oppmoda av sine eigne til å røme slik at arabersold­atane fekk fritt spelerom til å knuse jødane. Lås husa, tak med nyklane, om stutt tid kan de flytje heimatt. Dei som ikkje rømde blei sett på som svikarar. Men så lett vart det ikkje. Den nye staten Israel klara seg.

Det var eit under, eit mirakel, og det har skjedd mange under med Israel. Dei som hatar Israel og jødane har fått svi, medan Israel har hatt ein eventyrleg framgang på alle område. Dei har fått ørkenen til å bløme, dei er fremst i verden i vitenskap, jødane utgjer 2 prosent av folket i verda, men 22 prosent av nobelprisv­innarane, dei lagar ferskvatn av sjøvatn, dei brukar over 90 prosent av vatnet om att, dei er eksportør av gass og mykje meir kunne ha vori nemnt. Dei brukar 17 prosent av statsbudsj­ettet til forsvar. ( Noreg ca 1,7 prosent). Industrien og økonomien er blant dei som går best i heile verda.

Etter 1948 vart 800.000 jødar drivne ut frå arabiske land. Desse har ikkje fått nokon flyktninge­status eller hjelp frå FN. Dei fleste vart tatt i mot i Israel, mange reiste til USA og det er ikkje noko flyktninge­problem i dag. Derimot har FN med kolossale kostnader halde dei 600.000 palestinar­ane som flyktninga­r i 70 år. Det er i dag registrert over 5 mill. Skal alle desse ha fri inngang til Israel slik Abbas m.fl. krev er det ikkje nokon jødisk stat lenger. Er det det du også ynskjer Gerd von der Lippe?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway