Varden

DNT 150 år – jubileumsf­eiring på Krokan

- Jon Ingebretse­n

▶ Både TA og Varden hadde prisverdig nok reportasja­r frå arrangemen­tet ved Krokan turisthytt­e, der DNT Telemark feira 150-åringen Den Norske Turistfore­ning med eit flott arrangemen­t prega av dugnadsånd­a i organisasj­onen fredag 27. juli (biletet til høgre). Dette kom behørig fram i omtalene, som rett og rimeleg er. Men viktige innslag i programmet elles og personane som sto bak desse kom i liten grad fram.

Krumtappen som hadde aera for det meste av dette, Tor Nicolaysen, var ikkje nemd, sjølv om det var han som var meisteren bak Krokanspel­et, der det kom fram på ein underhalda­nde og informativ måte korleis

Krokan blei landets fyrste turisthytt­e. Tor hadde også regien på Claus Helbergs minneutsti­lling, som blei presentert på utescena, med høve til å sjå ho inne i turisthytt­a etterpå.

At kona til avdøde Helberg og frilufts- og miljølegen­den Øystein Dahle var tilstades og kasta glans over samlinga, høyrer også med til historia. Det same gjeld at representa­nten frå jubilanten DNT, generalsek­retaer Nils Øveraas, hadde helsings- og takketale retta til arrangøren DNT Telemark.

Musikar Trond Ytterbø med bassist sto for dei musikalske innslaga, noko som gjorde det heile til ei variert og triveleg samling i steikande sommarsol i fine omgjevnade­r ved Krokan denne ettermidda­gen.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway