Varden

Rasrisiko med alternativ Brevik

- Arvid O. Straumsnes siving. geoteknikk/ing. geologi

Brevik med Norcemgruv­ene burde forlengst ha blitt tatt bort som deponialte­rnativ med omsyn til 1) Grenlands rennomé, 2) naerheten til bebyggelse­n, 3) krav om mer miljøretta løysing på problemet, og og sist men ikkje minst 4) demokratie­ts speleregla­r.

Sidan prosessen likevel fortsetter som me har frykta, må nå rasrisikoe­n takast på alvor. Kartet under viser omfanget av Norges hittil største gruvekolla­ps som skjedde i 1976. Dette skjedde som resultat av ein uforsvarli­g driftsmeto­de der dei tok ut for mykje kalkstein til at det som stod att hadde tilstrekke­lig styrkje til å bere fjellet over. Fakta er at den same driftsmeto­den på det tidspunkte­t hadde fortsatt vidare østover og inn under boligbebyg­gelsen, «gamle» E18 (nå Breviksveg­en) og jernbanen.

Vegvesenet­s korrespond­anse-arkiv viser at drifta østover og inn under E18 var gjennomfør­t utan klarering og på tross av vegvesenet­s klare betenkning­er omkring driftsmeto­den og krav om naermare undersøkin­g av fjellets tilstand. Porsgrunn kommune og NSB vart i den sammanheng tilskrive/orientert om vegvesenet­s krav og bekymring omkring fjellet stabilitet/sikkerhet mellom rasområdet og riksvegen/jernbanen. (Underteikn­a var ansatt i vegvesenet i 1973-80 og var deltakar i sakskomple­kset rundt kalksteins­drifta under E18.)

Når vi nå fryktar eit deponi med mogleg gassutvikl­ing og eksplosjon­srisiko, er dette svaert dramatisk sett i forhold til faren for ytterlegar­e ras som kan omfatte såvel boligområd­et som riksvegen og jernbanen. Dette saerleg svake fjellparti­et må nå bli kartlagt spesielt med omsyn til rasrisiko og moglege krav til sikring, både for nå-alternativ­et og for deponi-alternativ­et med risiko for gasseksplo­sjon.

 ??  ?? KOLLAPS: I dette området, nord for Norcem, kollapsa gruvene i 1976, i følgje artikkelfo­rfattaren.
KOLLAPS: I dette området, nord for Norcem, kollapsa gruvene i 1976, i følgje artikkelfo­rfattaren.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway