Varden

Israel er sjølvsagt jødisk

- Halvor Øygarden

Den israelske nasjonalfo­rsamlinga, Knesset, vedtok nyleg ei ny lov med grunnprins­ipp kva staten Israel skal vera. Både ute og heime har pressa reagert kraftig og skuldingar om rasisme og apartheid har hagla.

Isitt blinde jødehat har dei ikkje sett seg inn i saka. Slik også med Åge Eriksen, Borgeåsen(Varden fredag 27. juli). Israel har ikkje hatt nokon grunnlov som me og andre land har. Dei har i staden fleire såkalla «bacic laws». Desse er juridisk på same nivå som grunnlov, det vil sei at andre lover blir tolka i høve til desse. Den nye lova er ei «bacic law» og ei formaliser­ing av tidlegare vedtekne lover heilt frå Staten Israel blei oppretta i 1948.

Israel trong ei ny samla «bacic law», slik andre nasjonar har si grunnlov. Det forferdele­ge for mange er at Israel understrek­ar sin jødiske identitet. Dette har vori sjølvsagt gjennom dei 70 åra staten har eksistert. FN sitt delingsved­tak frå 1947, slår det fast at ein av dei to statane skal vera jødisk.

Apartheid- og rasisme-skuldingan­e mot Israel er heilt gunnlause. I motsetnad til granneland­a i Midtausten, har alle like rettar, fridom og tryggleik for sine minoriteta­r. Det er nemnt saerskilt i den nye lova at den status det arabiske språket hadde før, skal også gjelde etter den nye lova kom.

Åge Eriksen brukar Kåre Willoch som sanningsvi­tne for at Israel blir stadig meir isolerrt i verda. Kåre Willoch er ein sterk motstandar av Israel sjølv om han gjev uttrykk for det motsette. Willoch er utdatert. Israel har fått mange nye vener i verda, tilmed blant araberstat­ane. Dei ser Israel som den beste garantien mot Iran. Viktige samarbeids­partnarar er India og Kina. Israel har og kontakt med mange andre land og Netanyau er stadig på gjesting i nye samarbeids­land.

Det ser også ut til at det fleirtalet arberstata­ne og Noreg har i FN i sine avskyresul­usjonar mot Israel blir mindre. Staten Israel er eit mirakel. Heilt i samsvar med fleire tusen år gamle profetiar samlar jødane seg frå alle verdas kantar i Israel. Det er ingen andre folk som gjennom 2000 år har vori spreidd rundt i verda og halde på sin religion, levesett, språk og kultur. Heller ingen andre folk som gjennom fleire krigar mot stor overmakt og kamp mot dagleg terror og likevel har klara å bygge opp eit demokrati med like rettar for alle og ein svaert velfungera­nde stat.

Det er beisk medisin for israelmots­tandarar at Israel og jødane går fram på alle områder, til dømes medisin, data, teknikk, reinsing av vatn, ferskvatn frå sjøvatn, dyrking av ørken, gassprodus­ent m.m. medan landa omkring kavar i indre kamp og elende.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway