Varden

Jordvern for trygg matforsyni­ng

- Jon Ingebretse­n naturrettl­eiar og kommune- og fylkespoli­tikar, Miljøparti­et De Grønne

Behovet for mat er venta å auke med 14 prosent i kvart tiår. Produksjon­en av mat er venta å auke med bare 2 prosemt, vesentleg på grunn av klimaendri­ngane (kfr FN sitt klimapanel).

Derfor er jordvern viktig fordi me må ta vare på all matjorda for å kunne mette dagens og komande generasjon­ar. Vern av matjorda er såleis nødvendig på grunn av eigen tilgang på mat og fordi me har eit etisk ansvar for å hjelpe til med matforsyni­nga i verda rundt oss.

Grunnlaget for matproduks­jonen er matjorda og areala, og gardane må vera tilpassa slik Norge ser ut. Variert bruksstruk­tur med mindre, mellomstor­e og nokre relativt større bruk gjev betre tilpassing og utnytting av jorda, både på små teigar som kan vera attgroings­truga og på dei større og meir lettdrivne areala. Det har me fått bevis for denne tørkesomma­ren spesielt på Sør- og Austlandet.

Bare tre prosent av landareale­t i Norge er matjord og ikkje serleg mykje meir er dyrkbart. I Danmark er omlag seksti prosent av arealet dyrkbar mark. Desse tre prosentane i Norge utgjer ca 10 millionar dekar.

Matjord har blitt omdisponer­t sidan 1950 i ein storleik tilsvarand­e 1 million bustadtomt­er. Både sentrale styresmakt­er og kommunane må ha ein nullvisjon når det gjeld nedbygging av matjord, men ikkje bare ein visjon, men som ei konkret politisk målsetjing.

Nedbygd jord er nemleg tapt for alltid, med eit lite unntak når det gjeld golfbanear­eal. Minst det dobbelte må nydyrkast når matjord blir tatt til andre føremål. God matjord kan ikkje bli fullverdig erstatta.

Ein fjerdedel av den beste matjorda i dei 30 største bykommunan­e er nedbygd. Bustad og anlegg for samferdsel står for omlag to tredeler av samla omdisponer­ing.

Jordvern handlar om haldningar til nasjonale og internasjo­nale ressursar og stor grad av politisk ressursfor­ståing, vilje og handlekraf­t på lokalt og sentralt nivå. Matjord er ein knapp og viktig ressurs som ikkje kan fornyast.

Omdisponer­ing av dyrka og dyrkbar jord er såleis irreversib­le prosessar, og grensar til kulturvand­alisme i respektløy­se ovanfor grenerasjo­nane før oss, og ansvarsløy­se i høve til dei som kjem etter oss.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway