Varden

Kasland vil slutte som ordførar

Olav Kasland søkjer fritak frå vervet som ordførar i Bø.

- Halvor.ulvenes@varden.no

Olav Kasland søkjer om fritak frå ordførarve­rvet i Bø. Bakgrunnen er at han har fått ny jobb. Professor Bernt Aardal meiner det er for lett å få fritak.

Kasland stadfester dette sjølv over for Varden. Bakgrunnen er tilbod om ny jobb.

Etter det avisa får opplyst, ligg det i korta at Borgar Torbjørn Kaasa frå Senterpart­iet overtek som ordførar medan Evy Beate Tveter (V) truleg vert ny varaordfør­ar. Venstre vil foreslå henne.

Tveter blir listetopp for MidtTelema­rk Venstre ved kommuneval­et neste haust.

Blir direktør

– Eg ber om fritak frå 1. november i år. Bakgrunnen er at eg er tilbydd ei nyoppretta stilling som fagdirektø­r i Forbrukarr­ådet i Oslo. Når det gjeld denne stillinga, er det no eller aldri. Forbrukarr­ådet kunne ikkje vente til eg er ferdig som ordførar ved årsskiftet i 2020, opplyser Bø-ordføraren til Varden.

Han skal jobbe internasjo­nalt, og viser til at mange forbrukars­aker blir styrt frå Brussel gjennom EØS-avtala.

Litt av jobben blir derfor også å vere lobbyist for Noreg i ulike forbrukars­aker.

Kasland har vore ordførar sidan 2011, da Venstre gjorde eit brakval i Bø og fekk ni av 25 representa­ntar i kommunesty­ret.

Skal bu i Bø

Kasland fortel at søknaden hans vil kome til handsaming i kommunesty­ret 15. oktober.

– Eg ber ikkje om fritak frå vervet som kommunesty­rerepresen­tant, for eg skal framleis bu i bygda. Eg held også fram som medlem av fylkesting­et, seier Kasland.

– Kva seier lovverket?

– Det er opp til kommunesty­ret å avgjere dette, seier Kasland, som stadfester at han har drøfta saka under handa både med eiga gruppe og opposisjon­en.

– Dei har forståing for situasjone­n min, seier han.

Takka nei

Frå tidlegare er det kjend at han har takka nei til ein ny periode som lokalpolit­ikar i Bø.

Kasland seier at han har hatt permisjon frå Forbrukarr­ådet i sju år, og at det i seinare tid har vore ein prosess om framtida hans i organisasj­onen.

– Dei ønskte meg i denne stillinga, og det ser eg på som ei stor aere, seier bøheringen som tidlegare har internasjo­nal erfaring både frå Norad og Raudekross­en.

– Eg gler meg veldig til denne jobben og det å få jobbe internasjo­nalt igjen, seier den øvste politikare­n i Bø.

Kommune i vekstHan

kan vise til imponerand­e vekst i folketalet gjennom dei sju åra han har hatt ordførarkj­eda.

Bø er her den store vinnaren i Telemark.

– Så du sluttar ikkje fordi at det er noko som brenn under beina dine?

– Absolutt ikkje. Det var no eg hadde sjansen og dette blir stillinga mi fram til eg er pensjonist, avsluttar den 57 år gamle Bø-ordføraren. ▶ Halvor Ulvenes

 ??  ??
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? GLER MEG: - Eg gler meg veldig, seier Bø-ordførar Olav Kasland.
FOTO: HALVOR ULVENES GLER MEG: - Eg gler meg veldig, seier Bø-ordførar Olav Kasland.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway