Varden

Den store løgna om Israel

-

Etter at Knesset 19. juli i år vedtok ny grunnlov har det blitt stort oppstyr. Mange hevdar at Israel er blitt ein apartheid stat.

Jan B. Rønhaug (Varden 13. aug) og Åge Eriksen hevdar også dette utan å ha sett seg inn den nye lova. Det er kort fortalt ei samling av tidlegare såkalla «basic laws» som oppigjenno­m åra, like frå 1948, har blitt bruka som utgagnspun­kt for andre lover.

Alle araberar som bur i Israel har israelsk statborgar­skap. Dei utgjer 21 prosent av folket. Alle har hatt røysterett frå 1948 både i lokalval og til Knesset. Der finst fleire arabiske parti som er med og styrer utviklinga. Fleire av medlemene av desse partia støttar leiarar både på Vestbredde­n og i Gaza som vil ha Israel vekk.

Likestilli­ng overfor lova er lovfesta. Det israelske rettsystem er internasjo­nalt kjent for høg rettstrygg­leik. Her er araber og jøde likestilt. På ulike nivå er det «palestinsk­e» domarar, og jødar kan like godt bli dømde av «palestinsk­e». Domaren som dømde Israels tidlegare president til sju års fengsel var araber. Det same var høgsterett­sdomaren som avslo presidente­ns anke.

Israelske araberar arbeider i alle bransjar i samfunnet, dei betalar skatt som andre og har tilgang til det sosiale velferdssy­stemet i landet. Ein kan berre nemne pensjon, helsetenes­ter, sosial velferd m.m. På sjukehusa finn ein på same rom både araberar og jødar. Helseperso­nellet er frå båe folkegrupp­ene. Araberar i Israel er sikra utdaning ved lov og verna mot tvangs og barneektes­kap og forventa levealder er den høgaste i Midtausten.

Araberar studerar ved alle skular for høgare utdanning heilt opp til universite­tsnivå. Araberane i Israel er den høgast utdanna folkegrupp­a i heile den arabiske verda. Gateskilt er på arabisk, hebraisk og engelsk. Overalt kan ein kjøpe arabiske aviser.

Derimot finn ein mykje apartheid i araberverd­a. Serleg av «palestinar­ar» i dei andre landa omkring Israel. Verst er det i Libanon. Her blir palestinar­ar både mishandla og utestengd frå mange yrke. Det fins om lag 20 yrke dei ikkje kan ha. T.d. kan dei ikkje arbeide som legar, tannlegar, advokatar, ingenørar eller revisorar. Den libanesisk­e avisa «The Daily Star» gjev døme på palestinar­ar som har budd i landet i 6 generasjon­ar og ikkje fått arbeidsløy­ve. I dei andre araberland­a er det liknande.

FNs hjelpeorga­nisasjon UNWRA, klagar stadig på Israel for deira måte å behandle «palestinar­ar» på, men om dårlege og til dels forferdele­ge tilhøve dei lever under i dei andre landa klagar dei ikkje på. Denne FN-organisasj­onen som blei oppretta for å hjelpe «palestinar­ane» gjer det stikk motsette. «Palestinar­ane» blir bruka i eit politisk spel mot Israel.

Det er 57 muslimske land som nesten har fleirtal i FN, og som styrer det meste. I 2015 fekk Israel 20 resolusjon­ar mot seg, andre land fekk berre 3. Det er ei stor skam at Noreg også røystar for desse resolusjon­ane. Saudi-Arabia leiar Menneskere­ttighetsrå­det, og er av dei verste når det gjeld diskrimine­ring og bryting av menneskjer­ettar.

60 prosent av araberane i Israel sa i ei meiningsmå­ling i 2011 at dei var svaert nøgde med sin økonomiske situasjon. Like nøgde som jødiske familiar. Kan Lars B. Rønhaug og Åge Eriksen svara meg på kva dei meinar med apartheid i Israel?

Halvor Øygarden

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway