Varden

Aasmund går mot straumen

Rikskjendi­sen fekk kniven på strupen - enten måtte han satse vidare eller leggje ned mjølkeprod­uksjonen. No byggjer han eitt av landets aller minste robotfjøs.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

▶ Aasmund Nordstoga hadde kniven på strupen - han måtte moderniser­e eller leggje ned.

▶ No er han i full gang med å byggje eit av landets aller minste robotfjøs for mjølkekyr.

Aasmund Nordstoga sit i sola på den segnomspun­ne garden Plassen, som ligg i Vinje i Vinje, og fortel både om garden og planane. Der var her namnebrore­n og nasjonalsk­alden Aasmund Olavsson Vinje hadde barndomshe­imen sin. Vinjestoga som vart restaurert til 200-årsjubilee­t i vår - ligg på garden som har hatt jordbruksd­rift i uminnelege tider. Kokegropen­e på bruket er eit prov på det.

Dette var dropen

Sjølv overtok Aasmund og kona Ingvild eigedomen i 2005.

– Eg skulle bygd ut før, seier han fleire gonger i løpet av den trivelege praten.

Den kjende visesongea­ren fortel at ein inspeksjon frå Mattilsyne­t var dropen som gjorde at han satsa vidare.

– Det naer 30 år gamle fjøset tilfredsst­ilte ikkje tidas krav, så enten måtte eg moderniser­e eller slutte. Det siste hadde eg lite lyst til. Følte litt at eg ikkje hadde noko mandat til å leggje ned drifta, seier 54-åringen.

Han sette derfor i gang med driftsplan for 30 kyr, men gav opp fordi garden ikkje hadde nok areal - verken til fôr eller spreiearea­l for husdyrgjød­sel.

– Eg hadde som mål at me ikkje skulle tene mindre på garden enn i dag. Sylvi Listhaug vart landbruksm­inister og styresmakt­ene opna for stordrift. Det blei ei veldig oppvakning. Det gjeld også å utnytte dei mindre gardane, for me treng kvar kvadratmet­er ein har til matproduks­jon. Eg ønskjer å vere eit motpress til rasjonalis­ering - og handle som eg rør, seier Aasmund.

Litt skummelt

I 2015 starta planleggin­ga av det nye fjøset.

– Eg kunne sendt søknad om økonomisk støtte frå Innovasjon Norge og Vinje kommune for to år sidan, men gav meg. Det var litt skummelt, fortel mjølkeprod­usenten som bruka enda eitt år på å hente inn fleire opplysning­ar.

I desember 2016 posta han søknaden.

– Det varde og rakk før eg fekk ja. Eg var på møte i Skien saman med landbruksr­ådgjevar Thor Christians­en. Den mannen er gull verdt for oss, understrek­ar Aasmund.

Han legg til at rådgjevar Jonny Fjukstad i meierisamv­irket Tine har vore ein annan god støttespel­ar.

18kyr

No er prosjektet til fire millionar kroner i gang. Kubonden har fått 1,35 mill. kroner i støtte frå Innovasjon Norge og 600.000 frå Vinje kommune. Gravemaski­na er i full sving, og etter jol skal fjøset stå ferdig med ei ny avdeling på 182 kvadratmet­er, med gjødselkje­llar under. I nybygget vert det «liggjebåsa­vdeling» for dei 18 mjølkekyrn­e og robot som sørgjer for automatisk mjølking. Det gamle fjøset skal moderniser­ast, og der blir det kalvar og andre ungdyr. I byggjeperi­oden går produksjon­en sin gang, og Aasmund seier han satsar på improviser­te løysingar for dagens buskap på ti kyr.

Gardbrukar­en har ein kvote på 112.000 liter, men får no kapasitet til 130 tonn. – Lønnsemda i prosjektet? – Det er budsjetter­t med ei skattbar nettoinnte­kt på 150.000 kroner og 1.800 timar. Eg blir ikkje feit, men litt glad over å kunne halde fram med drifta, seier mannen som skal drive vidare med visesong.

– Eg satsar på å halvere tids-

bruken i fjøset - frå fem til totre timar dagleg, seier bonden på Plassen.

Trass i tørkesomma­ren, håpar og trur han at det blir akkurat nok fôr til å kome gjennom vinteren.

Han er elles fornøgd med årets landbrukso­ppgjer, med større satsing på små og mellomstor­e bruk. Eit storting med mellompart­i på vippen gjer at han ser med optimisme på framtida.

– Oppgjeret i vår var psykisk bra, seier Aasmund Nordstoga. Han håpar vidare at årets tørkesomma­r får folk til å forstå at det er viktig med matberedsk­ap.

Fascinert

Tine-rådgjevar Jonny Fjukstad er fascinert av satsinga til Aasmund Nordstoga, og trur den kan vere ein idé for andre som vil ha fleire bein å stå på. Fjukstad kjenner ikkje til mindre robotfjøs enn kring 20 kyr.

– Det er bra at nokre er viljuge til å satse på denne måten, seier rådgjevar Jonny Fjukstad.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ??
FOTO: HALVOR ULVENES
 ??  ?? TO VAL: Aasmund Nordstoga måtte enten investere eller leggje ned drifta på den tradisjons­rike garden Plassen i Vinje. – Eg hadde lita lyst til å leggje ned gardsdrift­a, seier han.
TO VAL: Aasmund Nordstoga måtte enten investere eller leggje ned drifta på den tradisjons­rike garden Plassen i Vinje. – Eg hadde lita lyst til å leggje ned gardsdrift­a, seier han.
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ??
FOTO: HALVOR ULVENES
 ??  ?? FULL GANG: Bygginga er i full gang på Plassen i Vinje. Nybygget får plass til 18 mjølkekyr - i den gamle driftsbygn­ingen blir det kalvar og ungdyr.
FULL GANG: Bygginga er i full gang på Plassen i Vinje. Nybygget får plass til 18 mjølkekyr - i den gamle driftsbygn­ingen blir det kalvar og ungdyr.
 ??  ?? SAMDE: Aasmund Nordstoga og nabo Kari Tellefsen meiner det er viktig å basere drifta på dei ressursane ein har på garden.
SAMDE: Aasmund Nordstoga og nabo Kari Tellefsen meiner det er viktig å basere drifta på dei ressursane ein har på garden.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway