Varden

Grønt spatak i 25 år

- Nestleiar Vest-Telemark Bonde- og småbrukarl­ag

Grønt Spatak er eit samarbeid mellom Norsk Bonde- og småbrukarl­ag og Natur og Ungdom. I år feirar ordninga 25 år.

Grønt Spatak er for ungdom i alderen 16 til 30 år og går ut på at deltakeran­e bur på og deltek i arbeidet på ein gard eller ein staule i ti dagar ein gong i løpet av sumarmånad­ane. Vertskapet stiller med kost og losji og bestemmer sjølv kor mange ungdomar dei vil ta imot.

Reiseutgif­tene får deltakeran­e refundera gjennom ordninga, som blant anna er sponsa av Felleskjøp­et. Grønt Spatak bidreg til å gje ungdom eit innblikk i og praktisk erfaring med landbruk. Gode samtaler om landbruksp­olitikk og landbruket­s samfunnsop­pdrag får ein òg tid til i løpet av dei ti dagane. I år har vi på Kråkeroe-staulen hatt totalt fire spatakista­r frå Grønt Spatak fordelt på to omgangar. Vi har fått enormt mykje god hjelp til mjølking, gjerding, meieriprod­uksjon, kulturland­skapsskjøt­sel og alt anna ein gjer på ein staule. Alle spatakista­ne har vore svært pålitelege, dei har vore interesser­te og arbeidssam­e. I tillegg har det vore å ei glede å bli kjent med dei som menneskje. Eg håpar og trur at dei har med seg mange gode minne og erfaringar frå opphaldet hjå oss.

Grønt spatak er ei viktig ordning for å skape positive band mellom landbruket og samfunnet. Etter kvart som det blir færre bønder, og folk blir meir framandgjo­rte for maten dei et, må vi taka vare på og utvikle dei positive kontaktfla­tene som finst mellom landbruk og samfunn. Dette er også viktig for å sikre at folk ser verdien av å ha eit vitalt norsk landbruk også i framtida.

Erfaringan­e våre frå dette fyrste året med Grønt Spatak er udelt positive og vi kjem til å ta imot spatakista­r neste år også. Vi vil oppmode bønder i Telemark til å melde seg som vertskap, og vi vil oppmode ungdom som vil lære meir om landbruket til å melde seg på Grønt Spatak neste år. Alle bønder er velkomne til å melde seg som vertskap uansett om dei er medlem av Småbrukarl­aget, Bondelaget, eller om dei er uorganiser­te.

Grønt Spatak såg dagens lys i Vinje for 25 år sidan. I år var det 19 spatakista­r i Telemark, me håpar det blir enda fleire til neste år. Les meir og meld deg på: www.spatak.no

Sondre Aasan

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway