Varden

Har nytt prosjekt

I Stasjonsve­gen i Bø, rett ved jernbanen, er det planlagt eit nytt byggjepros­jekt til nærmare 80 millionar kroner.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Planen for det som har arbeidstit­telen Grivitorge­t er 18 leilegheit­er frå 50-100 kvadratmet­er pluss næringslok­ale, for kontor og detaljhand­el. Det stadfester dagleg leiar Kjell Aage Verpe i ITV Eiendomsut­vikling over for Varden. ITV står bak planane saman med NorgesGrup­pen.

Han opplyser at søknad om ei omreguleri­ng er sendt til kommunen. Ifølgje Verpe har prosjektet ei takhøgd på 18 meter, for å få fram det arkitekton­iske gamle låvepreget på bygget. Gjeldande reglar i Bø er 16 meter.

Byggestart til vinteren

– Me har ein positiv dialog med kommunen om saka, seier den aktive investoren. Han fortel at bygget har ei grunnflate på 700 kvadratmet­er. Me satsar på at regulering­splanen er ferdig godkjent i desember, og at spaden kan setjast i jorda i februar 2019. Det er kalkulert med ei byggjetid på kring eitt år, noko som betyr ferdigstil­ling vinter eller vår i 2020.

Bygget blir liggjande der som Nils Grivi tidlegare hadde kolonialbu­tikk. Dette bygget skal rivast, og så blir parkerings­plassen til den gamle forretning­a også nytta ved utbygginga. Investoran­e har planlagt parkerings­kjellar.

Verpe fortel at det er stor interesse for prosjektet, både når det gjeld private bustader og næringsdel­en. Kontor/handel skal vere i dei to fyrste etasjane og medan bustadene ligg i toppetasje­n.

– Det er framleis ein marknad for leilegheit­er i Bø. I vårt prosjekt blir avstanden både til Bøsenteret og jernbanest­asjonen svært kort. Foreldreut­valet for barn og unge, som skal flytte frå Oslo til Bø, er ein aktuelle leigetakar, opplyser investoren vidare.

På bustadsida blir det sam- arbeid - og Verpe nemner her Porsgrunn Boligbygge­lag som ein mogleg partnar.

Ny kafé

I bygget er det elles lagt opp til felles resepsjon, auditorium for møte på Skype og kafé som og skal nyttast som kantine for tilsette. Kaféen blir tilgjengel­eg for alle, får Varden opplyst.

– Noko som kan velte prosjektet?

– Me må gjennom dei ordinære prosessane med godkjennin­g, avsluttar dagleg leiar Kjell Aage Verpe.

 ??  ?? PRIMUS MOTOR: Kjell Aage Verpe i ITV Eiendomsut­vikling AS.
PRIMUS MOTOR: Kjell Aage Verpe i ITV Eiendomsut­vikling AS.
 ??  ?? MOT SØR: Grivitorge­t slik bygget er tenkt - sett mot sør.
MOT SØR: Grivitorge­t slik bygget er tenkt - sett mot sør.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway