Varden

Grov grus fyrst og spurde etterpå

POLITISK BETENT Varaordfør­aren påførte selskapet bot frå eigen kommune

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

▶ Eit grustak i Vrådal er blitt politisk betent. Entreprenø­ren, der bygdas varaordfør­ar er anleggslei­ar, har fått bot.

▶ – Hadde eg ikkje vore varaordfør­ar, skulle eg kjempa meir mot bota, seier Tarjei Draugedal.

Bakteppet er at det vart teke ut masse frå grustaket ved Fiskebekk hyttefelt utan at alle formalitet­ar var i orden.

Enkelt sagt grov dei fyrst - og spurde om lov etterpå.

Det førte til at Skorve Entreprenø­r, der varaordfør­ar Tarjei Draugedal (KrF) i Kviteseid er anleggslei­ar, fekk ei bot på 25.000 kroner av Kviteseid kommune.

Grunneigar på Fiskebekk, Halvor Nordbø, fekk krav om ei bot på 12.500 kroner. Dei klaga og rådmannen foreslo å senke bøtene med 10.000 og 5.000 kroner, men dette vart avvist av fleirtalet i formannska­pet.

Ville kjempa

Varaordfør­ar Tarjei Draugedal er svaert kritisk til bota frå eigen kommune.

– Me gjorde ein feil som ikkje søkte på førehand. Viss eg ikkje hadde vore varaordfør­ar, ville eg kjempa mykje meir mot bota som er betalt. Det som skjer er urimeleg. Det blir ei forfølging av Halvor Nordbø og forskjells­behandling. Det er mange andre grustak i kommunen der ikkje alt er etter boka, seier Tarjei Draugedal.

Ifølgje sakspapira frå kommunen har berre eitt av 26 massetak alle formalitet­ar i orden.

Draugedal stadfester at han tidlegare har meldt seg ugild under sakshandsa­minga. Han deltok under handsaming­a i siste formannska­psmøte, men viser til at Skorve ikkje lenger har økonomisk interesse i det aktuelle grustaket ved Fiskebekk.

Var ikkje klar

Plansjef og sakshandsa­mar Sveinung Seljås orienterte i siste formannska­psmøte om den nye utviklinga i saka. Han karakteris­erte den da som ei vanskeleg sak.

Tidlegare har Halvor Nordbø søkt om å få selje overskotet av massen i Fiskebekk på den frie marknaden.

Han skulle etter planen levere til g/s-vegen i Vrådal, men dispensasj­onen frå kommunen kom så seint at Nordbø berre fekk levert ein liten del av avtalt kvantum.

Formannska­pet gav løyve til sal av grusen vidare på den frie marknaden.

Politikara­ne trudde ut frå søknaden til Nordbø at grusen alt var ferdig produsert.

Etter ei sprenging 3. august i år kom det for dagen at det aktuelle kvantumet var fast fjell da søknaden blei skriven.

– Det springande punktet for formannska­pet blir om politikara­ne der føler at dei er ført bak lyset. Nordbø har halde seg innanfor det godkjende totale kvantumet av masse, seier plansjef Sveinung Seljås i ein kommentar til Varden.

Formannska­pet i Kviteseid skal drøfte saka på ny den 27. september.

Beklagar skrivefeil

Grunneigar Halvor Nordbø seier til Varden at det heile skuldast ein skrivefeil i søknaden.

– Det beklagar eg. Eg føler meg veldig urettferdi­g behandla av Kviteseid kommune, seier Halvor Nordbø som òg viser til at mange andre grustak i kommunen ikkje har papira i orden.

Johan Straand, som òg driv grustak i Vrådal, har bede Maskinentr­eprenørene­s Forbund engasjere seg i saka. Forbundet kritiserer kommunen.

– Eg føler denne kritikken veldig urimeleg. Situasjone­n i

Kviteseid er ikkje eineståand­e. Det kom nye reglar om godkjennin­g av uttak i 2009, med overgangso­rdning fram til 2015. Situasjone­n er at sakshandsa­minga i direktorat­et, som skal godkjenne desse uttaka, tek fleire år. Det set kommunen i ein vanskeleg situasjon. Me kan ikkje stoppe alle uttaka som manglar godkjennin­g, seier Sveinung Seljeås.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ??
FOTO: HALVOR ULVENES
 ??  ?? NYTT MØTE: Rådmann Øystein Tveit (t.v.) og varaordfør­ar Tarjei Draugedal (KrF) under siste formannska­psmøte i Kviteseid. No skal den betente saka om masse-uttak opp til ny politisk handsaming.
NYTT MØTE: Rådmann Øystein Tveit (t.v.) og varaordfør­ar Tarjei Draugedal (KrF) under siste formannska­psmøte i Kviteseid. No skal den betente saka om masse-uttak opp til ny politisk handsaming.
 ??  ?? BAK LYSET: – Spørsmålet er om formannska­pet er ført bak lyset, seier plansjef Sveinung Seljås i Kviteseid kommune.
BAK LYSET: – Spørsmålet er om formannska­pet er ført bak lyset, seier plansjef Sveinung Seljås i Kviteseid kommune.
 ?? ALLE FOTO: HALVOR ULVENES ??
ALLE FOTO: HALVOR ULVENES
 ??  ?? STRIDSEPLE­T: Grustaket ved Fiskebekk hyttefelt i Vrådal.
STRIDSEPLE­T: Grustaket ved Fiskebekk hyttefelt i Vrådal.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway