Varden

God grunn til å vere eplekjekk

OPPSVING – Me kan konkurrere med oljebransj­en, seier sjefen i Telefrukt, Svein Børte

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

▶ Sjefen i Telefrukt, Svein Børte, har ikkje opplevd maken til økonomi i sine 40 år i naeringa.

▶ Om nokre år skal ei tredjedel av alle norske eple komme frå Gvarv.

– Me kan konkurrere med oljebransj­en. Eg har ikkje opplevd maken i mine 40 år i bransjen. Det er god økonomi i alle produksjon­ane, seier dagleg leiar på Telefrukt, Svein Børte, til Varden.

Inntekt på 700.000 kroner

Børte seier at med god drift i ein morellhage på 10 dekar er det mogleg å klare ei skattbar inntekt på 600.000 - 700.000 kroner i året.

– Arbeidsmen­gda for ein slik produksjon er på same nivå som 600 dekar med korn, fortel Børte.

Han opplyser vidare at kostnadene ved planting og oppføring av såkall tunnel for ti dekar vil liggje på 1,2-1,5 millionar kroner.

– Eg har opplevd at nokon har dekt desse kostnadene året etter, seier Børte.

Fått sving på produksjon­en

I år har produsenta­ne i Telemark levert 140 tonn med morellar, noe som er ny rekord. Den varme sommaren har vore ideell.

– I utgangspun­ktet blir morellar dyrka i ørkenlikna­nde område. Med tunnelane her så er produsenta­ne våre blitt lite avhengige av vêret. Alle har vatning, der dei samstundes tilfører gjødsel. I vår bransje bør det ikkje vere behov for avlingsska­de, opplyser Telefrukt-sjefen.

Han meiner områda rundt Nesodden og Liheia i Bø er ideelle for slik fruktprodu­ksjon. Han trekkjer elles fram produksjon­srådgjevar Jop Westplate ved Norsk Landbruksr­ådgjeving Østafjells og fruktkonsu­lent Jan Meland ved Midt-Telemark Landbruksk­ontor som ei viktig forklaring på suksessen.

Godt år

Også for plommer har det vore eit bra år. Dei 10-12 produsenta­ne har levert 200 tonn i klasse I - som er det nest beste året. I fjor var det eit kronår med 250 tonn. Børte meiner potensiale­t ligg på 250-300 tonn.

På landsbasis er produksjon­en om lag 1.500 tonn i året. I midtfylket starta produksjon­en av plommer for kring ti år sidan.

– I år har det vore gunstige forhold med tørt klima. Utfordring­a her i området er låge vintertemp­eraturar som resultat i større utgang av plommetre. Også i denne produksjon­en gjer me bra pengar. No er det siste innspurten med haustinga. Kvaliteten i år er god og plommene har god smak, seier Svein Børte.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ??
FOTO: HALVOR ULVENES
 ??  ?? SORTERER: Aurinas Valantinas (t.v) sorterer eple ved pakkeriet på Gvarv.
SORTERER: Aurinas Valantinas (t.v) sorterer eple ved pakkeriet på Gvarv.
 ??  ?? I BUTIKKANE: Bjørg Hesthag og Svein Børte ved Telefrukt med eple som no er ute i butikkane.
I BUTIKKANE: Bjørg Hesthag og Svein Børte ved Telefrukt med eple som no er ute i butikkane.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway