Varden

Ny evakuering i Arabygdi

Tre husstandar i Arabygdi i Rauland er igjen evakuert på grunn av rasfaren.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Dei åtte bebuarane flytta frå heimane sine måndag kveld.

– Det skjedde etter tilråding frå geologane våre. Alle husstandan­e har følgd tilrådinga, opplyser kraftverks­sjef Hallgeir Kleiv i Statkraft til Varden.

Jobbar på spreng

Bebuarane fekk beskjed om at dei burde flytte seint måndag kveld.

– Statkraft byggjer no ein voll for å auke tryggleike­n. Dette arbeidet er kalkulert å ta to til tre dagar. Viss arbeidet går etter planen, vil dei evakuerte såleis kunne flytte heim i løpet av veka, ifølgje kraftverks­sjefen.

Møtte bebuarane

Måndag ettermidda­g møtte han bebuarane, og Kleiv seier at det blei eit greitt møte.

– Eg kan ikkje svare på kva som blir gjort, men me ønskjer å få til ei varig løysing, seier Hallgeir Kleiv.

Aslak Kåsa, som bur i Arabygdi, blei evakuert frå laurdag til sundag, som tidlegare fortalt i Varden. Kåsa er ikkje berørt av den nye evakuering­a. Han var med på møtet måndag kveld.

– Eg vil gje ros til Statkraft som står på, seier Kåsa.

Derimot er han svaert kritisk til den politiske leiinga i Vinje kommune.

– Dei burde vore med på møtet, men glimra med sitt fråver. Dette er veldig skuffande, seier Aslak Kåsa.

Lei seg

Ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) seier til Varden at han er lei seg for at folk er skuffa.

– Eg vurderte det slik måndag - ut frå dei opplysning­ane eg hadde da - at det ikkje var nødvendig å dra på møtet. Det er mogleg det var feil, seier ordførar Jon Rikard Kleven til Varden.

Han var bortreist på laurdag og sundag, og valte i samråd med folk i kommunen ikkje å avlyse reisa.

– Eg er glad for at uhellet i Arabygdi ikkje skjedde i samband med ordinaer drift, men ved vedlikehal­d, avsluttar ordførar Jon Rikard Kleven.

 ??  ?? TRØBBEL: Den enorme fyllinga oppe i dalen har skapt trøbbel.
TRØBBEL: Den enorme fyllinga oppe i dalen har skapt trøbbel.
 ??  ?? KRITISK: Aslak Kåsa i Arabygdi er kritisk til kommunen.
KRITISK: Aslak Kåsa i Arabygdi er kritisk til kommunen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway