Varden

MINISTER UTAN LANDBRUKSE­RFARING

- ▶

Med all respekt for den engasjerte og dyktige leiaren i Norges Bonde- og Småbrukarl­ag, Merete Furuberg, men ho tek diverre feil dersom ho forventar at den nye landbruks- og matministe­ren kan gjera noko med rovdyrforv­altninga som vil bli oppfatta som positivt for landbruket. Ein kan like det eller ikkje, men det er Miljødepar­tementet som har ansvaret for rovdyrforv­altninga, sjølv om enkelte meiner at den burde ha ligge under Landbruksd­epartement­et. Forvaltnin­ga av rovdyr er ei natur- og miljøsak, medan forvaltnin­ga av

landbruket er dette landbruksp­olitiske fagdeparte­mentet sine primaere oppgåver. Men ein har erfart at Bård Hoksrud er flink til å «ri fleire hestar», som til dømes da han «rei» på vasskuter for å demonstrer­e mot lova. Når han nå har fått ein lenge etterlengt­a statsrådpo­st, må ein forvente at han held seg til det han er utnemd til å ordne med, utan sleivspark og populistis­ke utspel ovanfor ein potensiell tilhengars­kare, mellom anna ved å tale mot Miljødepar­tementets sak i ulveforval­tninga. Det blir like mykje feil som om Ola Elvestuen skulle blande seg borti jordbrukso­ppgjeret og erstatning­skrav frå bønder.

Dessutan er denne statsrådut­nemninga overraskan­de, da Hoksrud i liten grad har engasjert seg i landbruksp­olitikken, naturleg nok all den tid han er kjemisk rein for landbrukse­rfaring.

Ein dristig manøver av Solberg, sjølv om Hoksrud har lova å ikkje «ta ein Listhaug», men følgje i dei omstridde Frp-spora til Dale. Ein har sett for mykje av at det er nødvendig med stramme tøylar på statsrådar frå statsminis­terens side.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway