Varden

Kultur som drivkraft

- Kulturmini­ster (V) naeringsmi­nister (H)

Noreg er eit lite land med ein storslagen natur. Over mange år har vi jobba målretta og sett vårt avtrykk, og internasjo­nalt er vi kjent for høge fjell, smale fjordar og magisk nordlys. No skal vi supplere biletet. Måndag tok vi imot den første innspelsra­pporten frå Samarbeids­rådet for kultur og reiseliv.

Stadig fleire av dei som vitjar oss ønskjer å inkludere noko meir – eller noko heilt anna – på si ferd. Turistar verda over har fått nye behov og nye krav. For det er ikkje sånn at alle har lyst til å tilbringe ferien i storslagen natur. Nokre vil sitje i mørkret i ein teatersal og oppleve Ibsen. Nokre vil gå frå hytte til hytte og høyre folkemusik­k ei sommarnatt i Jølster. Nokre vil oppleve ny norsk musikk på festival og andre vil dra på Nasjonalga­lleriet eller vandre i fotspora til Henrik Ibsen eller Jo Nesbø.

Som sterk kulturnasj­on harvi mykje å tilby, og vi skal ikkje vere redde for å fortelje den historia. Tvert om bør vi heller vise det fram for alt det er verdt, saerleg utanlands. Denne sommaren har folk opplevd Vinjerock på fjellet i Jotunheime­n, Piknik i Parken i Oslo og Riddu Riddu i Kåfjord. Noreg er Peer Gynt, Satyricon og Edvard Munch. Vi har ei bredde og kvalitet i våre kulturuttr­ykk som gjer oss til eit unikt lite land i ei stor verd. Vi blir aldri billigast, men vi kan bli best.

Hovuddriva­ren for val av reisemål globalt sett er i dag kultur og mat. Dette er godt nytt for Noreg. Denne endringa innanfor reiseliv kjem oss til gode, om vi tar dei riktige grepa. For det er tusenvis av andre grunnar til å vitje vårt vidstrakte land. Det er ikkje sånn at vi med satsinga på kulturturi­sten har forkasta idéen om naturbaser­t reiseliv, tvert om. Det er ikkje eit anten/eller mellom Peer Gynt, mat i toppklasse og Gudbrandsd­alen, men kombinasjo­nen av alle tre. Det viser den fenomenale oppsetting­a av Peer Gynt på Gålå, og alle ringverkna­dene dette gir for naeringsli­vet rundt.

I tillegg til å svare på den auka internasjo­nale etterspurn­aden, handlar dette også om berekraft på sikt. Både miljømessi­g, sosialt og økonomisk. Sjølv utan ei koordinert satsing har Noreg allereie hatt ein vekst på 50 prosent dei siste fem åra innanfor reiselivsa­ktivitetar, kultur og servering. For å utnytte potensiale­t i kulturturi­smen arbeider vi med å gjere denne forma for reiseliv til ei heilårsver­ksemd i Noreg. Det krev at vi óg må ta dei rette vala mellom anna for å gjere reisemåla tilgjengel­ege og godt lagt til rette. Breitt samarbeid må til for at det skal bli vellukka.

Som eit ledd i regjeringa si satsing på kulturturi­sme oppretta vi i fjor sommar Samarbeids­rådet for kultur og reiseliv. Jobben deira har vore å finne ut korleis vi skal gå fram i satsinga vår for å gjere Noreg betre kjend som kulturdest­inasjon. Rådet sin første innspelsra­pport inneheld ei rekkje tilrådinga­r og framlegg til tiltak om alt frå auka kunnskap, verdiskapi­ng og tilgjenge til omstilling og berekraft.

Vi har eit kjempepote­nsial som mange byrjar å få auga opp for. Då er det viktig at regjeringa har ei heilskapel­eg satsing på området, slik at kultur- og reiselivsa­ktørar kan spele saman, og vere med på å utvikle ei berekrafti­g og verdiskapa­nde opplevings­naering på sikt.

Vi er heldige som har ein så rein og storslagen natur som gir oss rikeleg med friskt drikkevatn og dei mest fantastisk­e råvarer til kvardagskj­økkenet og dei beste restaurant­ane. Vi er heldige som har ein så rik kulturhist­orie – med norrøn mytologi, vikingetid­a og dei store oppdagaran­e. Vi er heldige som har slik nyskapende arkitektur. Vi er heldige som har ein så rik kunst, både historisk sett og i samtida. Det er dette som er grunnlaget for det velfungera­nde demokratis­ke samfunnet vårt. Dette er dette som i sum utgjer rikdomen vår.

Nokre vil oppleve ny norsk musikk på festival og andre vil dra på Nasjonalga­lleriet eller vandre i fotspora til Henrik Ibsen eller Jo Nesbø.

Det er mange som vil bli kjent med vår rikdom, og endå fleire vil vitje oss dersom vi samarbeide­r om å fortelje historia vår. Opplevings­naeringa kan bli akkurat så stor som vi vil at ho skal bli, Noreg er «powered by culture».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway