Varden

Språk skaper strid

Forbundet meiner at kommunen bryt lova og saboterer oppretting av reine bokmålskla­sser.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ Saka gjeld ein språkstrid ved Bø skule. Bokmålsfor­bundet har skrive brev til Fylkesmann­en i Telemark. Der ber forbundet om at Fylkesmann­en straks grip inn, slik at Bø kommune følgjer opplaering­slova.

Vil ikkje

«Bakgrunnen for denne saken er kort fortalt at 10 av foreldrene til barn på 1. årstrinn har levert skriftlig krav om ren bokmålskla­sse, iht. Opplaering­slovens § 2-5, 4. ledd. Skolen / kommunen ønsker øyensynlig ikke å etterkomme foreldrene­s lovmessige krav, hvilket notatet fra kommunen baerer tydelig preg av. Skolen har valgt å se bort fra foreldrene­s krav når de har satt sammen årets klasser på 1. årstrinn. De 10 elevene som har krevet bokmål, er fordelt på 3 forskjelli­ge klasser, og opprettels­e av ren bokmålskla­sse er således sabotert», heiter det i brevet til Fylkesmann­en i Telemark som er signert av formann Steinar Øksengård.

Veldig overraska

– Det er viktig for både elevar og foreldre at kommunen følgjer lovverket. Me blir litt arge når så ikkje skjer. Eg er forbausa over at skuleeigar­en - Bø kommune - ikkje kjenner innhaldet i ei lov dei er sett til å forvalte. Dette er etter vår meining alvorleg, og burde utløyse tilsyn i kommunen. Det er veldig skuffande at kommunen ikkje kjen ner lova. Eg kan nemne Sandnes-dommen, der mållaget fekk medhald i at blanda klasser ikkje er lov. Ved blanda klasser kan nynorskven­lege rektorar snike inn meir nynorsk, seier Steinar Øksengård i ein kommentar til Varden.

Han legg til at opphavleg var det 15 av 66 elevar i fyrsteklas­se som ønskte nynorsk. – No er dette redusert til sju elevar, ifølgje Øksengård.

Alle har ein sjef

– Kva gjer de viss de ikkje får medhald hjå Fylkesmann­en?

– Da bringer me inn saka for departemen­tet. Alle har ein sjef, avsluttar formann i Bokmålsfor­bundet, Steinar Øksengård.

Ordførar Olav Kasland (V) seier til Varden at dette må administra­sjonen sjå på.

– Det er inga politisk sak. Bø kommune ventar på svaret som kjem frå Fylkesmann­en. Det Bokmålsfor­bundet gjer er ein demokratis­k rett, seier Olav Kasland.

Rektor ved Bø skule, Gyrid Kvaale, var ikkje tilgjengel­eg for kommentar da Varden tok kontakt tysdag.

▶ Halvor Ulvenes

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? BLANDA KLASSER: På Bø skule er det blanda klasser med nokmål og nynorsk. Det skaper reaksjonar.
FOTO: HALVOR ULVENES BLANDA KLASSER: På Bø skule er det blanda klasser med nokmål og nynorsk. Det skaper reaksjonar.
 ??  ?? VIL VENTE: Ordførar Olav Kasland seier at kommunen må vente på svaret frå Fylkesmann­en i Telemark.
VIL VENTE: Ordførar Olav Kasland seier at kommunen må vente på svaret frå Fylkesmann­en i Telemark.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway