Varden

– Kunne spart 14 mill.

Sjefen for Tveito Maskin, Hallgeir Lie, er opprørt over kommunale prioriteri­ngar.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ Han viser til den betente leigeavtal­a som det interkommu­nale selskapet Irmat har inngått - med ein samla leigepris på 17 millionar kroner. Som tidlegare nemnd i Varden, er årleg leigepris der på 110.000 kroner per dekar, eller rundt 15 gonger høgare enn ei privat avtale i same området.

Veldig irriterend­e

– Irmat kunne kjøpt eit tilsvarand­e areal på naboområde­t Brenna for tre millionar kroner. Dette området er eigd av det kommunale selskapet Midt-Telemark Naeringspa­rk. Dermed kunne selskapet spart 14 millionar kroner. Ein treng ikkje høgare utdanning for å forstå galskapen i eit slikt økonomisk opplegg. I ei privat verksemd ville dei ansvarlege fått sparken, seier sjef og medeigar i Tveito Maskin i Lunde, Hallgeir Lie. Han bur på Gvarv. Lie understrek­ar at som skattebeta­lar er dette veldig irriterand­e.

– Eg har vore leiar av Gvarv idrettslag i 5-6 år og nestleiar i mange år før dette. Der fekk me avslag på både kunstgrasb­ane og ny hall. Kommunen hadde ikkje pengar. Dette går ut over dugnadsånd­a. Eg fryktar at folk vil gå lei i eit idrettslag som har hatt ei positiv utvikling, legg han til. Lie seier vidare at han ikkje kan tenkje seg at det er behov for dette anlegget, som han kallar eit prestisjep­rosjekt.

– Søpla kan leverast andre stader. Kommunen treng nye innbyggjar­ar. Berre i siste utgåve av kyrkjelyds­bladet Helsing var det ti døde og to døypte i same perioden. Eg trur ikkje eit slikt søppelanle­gg er noko som tiltrekkje­r seg nye innbyggjar­ar. Eg fattar ikkje prioriteri­ngane, seier Lie.

Bra med ny skule

– Eigentleg passar heller ikkje søppelanle­gget inn på Brenna. Lokaliseri­ng på kommunegre­nsa er malplasser­t. Det ville passa betre i området ved til dømes Hellestad Sandtak i Bø. Sidan politikara­ne har bestemt at anlegget skal liggje i området mellom Gvarv og Bø, ville lokaliseri­nga i Midt-Telemark Nae- ringspark blitt mykje billegare, ifølgje Lie.

Han seier at det må skapast verdiar for å få til ei bra utvikling.

– På den positive sida i kommunen vil eg trekkje fram at det blir bygd ny skule. Det er bra, avsluttar Hallgeir Lie. Styreleiar i Irmat, Helge Granlund, ønskjer ikkje å kommentere kritikken. Ordførar Mette Haugholt (Ap) i Sauherad forstår frustrasjo­nen, men seier at Irmat og idrettshal­l er to ulike saker. Ho seier at kommunen jobbar for å få til ny hall.

▶ Halvor Ulvenes

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? GALSKAP: – Irmat kunne spart 14 millionar ved å kjøpe tomt her, seier naeringsli­vstopp Hallgeir Lie.
FOTO: HALVOR ULVENES GALSKAP: – Irmat kunne spart 14 millionar ved å kjøpe tomt her, seier naeringsli­vstopp Hallgeir Lie.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway