Varden

Utbygginga som kravde 23 liv

Ein dramatisk drukningst­ragedie, snøras samt klemog sprengings­ulykker er baksida av medaljen ved den store kraftutbyg­ginga i Tokke og Vinje.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Drukning, snøras, klemog sprengings­ulykke kravde fleire liv då Tokkeanleg­get blei bygd.

▶ Tokkeanleg­get skapte enorme ringverkna­der både lokalt og nasjonalt. Fattige kommunar i vestfylket blei brått rike, og nasjonalt har utbygginga medført milliardin­ntekter.

Alt i 1986 var dei årlege inntektene for staten på 600 millionar kroner. Og det frå eit prosjekt som i utgangspun­kta kosta ein milliard kroner – snakk om gullkanta investerin­g.

På det meste var 1.200 personar sysselsett på Tokkeanleg­get. Norsk ingeniørku­nst blei verdskjent. Det var derfor stor festivitas da statsminis­ter Einar Gerhardsen trykte på knappen og opna Tokke kraftverk 22. august 1961.

Baksida av medaljen

Men denne gylne medaljen har ei dyster bakside. Heile 23 personar omkom på ulikt vis under utbygginga av Tokkeanleg­get som vara i 16 år – frå 1956–1972.

Ulykkene skjedde over ein periode på ti år – frå 23. mars 1956 til 21. april 1966. Gjennomsni­ttsalderen på ofra var i underkant av 40 år – den yngste var 15 år og den eldste 57 år.

Fyrste ulykka fann stad alt 23. mars 1956. 39 år gamle Thorleif Kåsa arbeidde den dagen på vegen mellom skyttarhus­et på Dalen og den nye kraftstasj­onen. Varden fortel på fyrstesida dagen etter at Kåsa stod i ein skråning da ein stein lausna og råka Kåsa. To legar kom til og Kåsa blei sendt til Fylkessjuk­ehuset i Skien, men han døydde i sjukebilen ved Mostøyl i Høydalsmo.

Tre drukna

Den aller største tragedien fann stad på Songavatne­t St. Hansdagen i 1961. Der gjekk tre menneskeli­v tapt etter at ein båt tippa rundt. Norges Kristelige Student og Gymnasiast­lag skulle ha dugnadslei­r i samband med utbygginga. Planen var å rydde 2.000 dekar med skog og kratt langs strandline­ne.

Leiren med 150 mann skulle starte sundag 25. juni, men ein fortropp på ti mann drog opp laurdag for å gjere førebuinga­r. Mellom desse var landssekre­taer og pastor Arne With (43), syskenbarn­et hans, Roger With (16), båe Oslo og Dag Erik Birkeli (15), sistnemnde frå Stavanger.

Kraftig vind

Dei tre karane frakta proviant i ein båt over vatnet – 150 liter mjølk, brød og ein del reiskap. Varden fortel 26. juni at båtturen truleg starta i 17-tida. Det var da sterk vind frå nordvest. Karane kom ikkje tilbake om laurdagskv­elden, men dei sju andre som sat att i Bjørnsbu i Songadalen trudde dei hadde overnatta i ei brakke på andre sida av denne innsjøen.

Da dei tre karane ikkje hadde dukka opp i 12-tida sundag, byrja kameratane å ane uråd. Dei fann same ettermidda­g båten velta 30 meter frå land på austsida av Songavatne­t. Lensmannen i Vinje og Rauland vart varsla. Hjelpekorp­sa i Vinje, Rauland og Rjukan deltok alle i aksjonen. Falken vart òg tilkalla, men fekk trøbbel med bilen og kom ikkje fram den dagen.

Sendt heim

Denne sundagen nytta det ikkje å leite på grunn av sterk vind. Helikopter­et blei sendt heim av den grunn, og fyrst utpå ettermidda­gen måndag 26. juni kunne dei sju båtane og 30 mann starte leitinga.

Ein froskemann fekk øydelagt eine trommehinn­a under dykking, og blei sendt til sjukehus.

Laurdag 1. juli 1961 melder Varden at tre froskemenn frå Falken har funne matvarene og alt utstyret dei sakna hadde med seg, kring 500 kilo.

Same dagen vart Roger With funnen på 12 meters djup. With låg 200 meter frå land og 600 meter frå der båten kantra. Lensmann Nordstoga trur den omkomne 16-åringen hang på båten eit stykke etter kantringa, men blei så utmatta at han måtte sleppe taket.

Funne seinare

Ei veke seinare blir dei to siste funne – 20 meter frå kvarandre og rundt 400 meter frå der fyrstemann låg. Rolf Framnes i Falken fortalde at truleg har også dei to andre henge i båten så lenge dei hadde krefter til å halde ut i det kalde vatnet.

Det er ikkje vanskeleg å førestille seg den desperate kampen som må ha funne stad ute på dette vatnet denne dystre sommardage­n for meir enn 57 år sidan.

Sprengings­ulykke

Sprengings­ulykka på Venemo i Vinje torsdag 30. mai 1963 kravde også to menneskeli­v. Anleggsarb­eidar Nils Hønsi (46) år døydde momentant. Salva gjekk av for tidleg og han fekk steinsprut over seg. Anleggsarb­eidar Kjetil K. Skogheim frå Grungedal vart sendt til Rjukan sjukehus, men døydde av skadane om morgonen 2. juli. Han hadde kone og fire barn i skuleplikt­ig alder.

Toomkomira­s

13. april 1964 vart også ein trist dag i soga om Tokkeanleg­get. Fem menn vart tekne av ras, og to av desse omkom under snørydding på Venemodamm­en. To menn som stod midtvegs oppe i veggen flaut oppå snøen nedover, medan dei som stod i botnen fekk alt over seg. Ulykka skjedde klokka 16.15. Dei omkomne var Henry Vold (55) og Oluf Espe (49) som båe blei kvelte av den tettpakka snøen. Dei fekk eit par meter med tung og hard snø over seg. Vold hadde kone og eitt barn på fire år i Edland. Espe var ugift og opphavleg frå Vinstra.

Oppliving i tre timar

Arbeidskam­eratar fekk grave fram dei fem i løpet av eit kvarter. På fire av personane blei det utført munn- til munnmetode­n. Distriktsl­egane Thiis frå Vinje og Guldal frå Rauland kom til stades, og dei jobba med livredding på dei omkomne i heile tre timar, før alt håp var ute.

Fyrste og siste

Dette var dei ulykkene som kravde fleire liv. Elles var det ei rad ulykker som kravde eitt menneskeli­v. Den 21. april 1966 omkom 42 år gamle Ola Ottermo da han blei påkøyrt av ein borbukk. Dette er den sist registrert­e dødsulykka på Tokkeanleg­get.

 ??  ??
 ??  ?? KJELDER: Ragnar Lurås: Ljos og kraft til alle heimar. Telemark Forlag 2018, Varden 24. mars 1956 – 22. april 1966 SONGAVATNE­T: Dette fotoet er frå Songavatne­t før utbygginga i 1960-åra. Det kan
KJELDER: Ragnar Lurås: Ljos og kraft til alle heimar. Telemark Forlag 2018, Varden 24. mars 1956 – 22. april 1966 SONGAVATNE­T: Dette fotoet er frå Songavatne­t før utbygginga i 1960-åra. Det kan

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway