Varden

Sentrumspl­an for Bø

- Einar Fagerås Midt-Telemark Senterpart­i

Det var eit splitta kommunesty­re som vedtok sentrumspl­an for Bø 10. september. Trass i samrøystes behandling av planen både i PTNutvalet (teknisk) og formannska­pet, stemte både Arbeidarpa­rtiet, Høgre og Frp mot.

Itillegg til politisk behandling, har planen vore på omfattand høyring, og alle har hatt høve til å uttale seg gjennom personlege samtaler, skriftlege innspel og folkemøte. Det er gjort greie for alle høyringsin­nspel i saka som kommunesty­ret fekk til behandling og korleis dei er vurdert. I ettertid har det gått ein debatt der mange av debattanta­ne ikkje synes å ha lese planen saerleg godt.

Senterpart­iet var med å sikre fleirtalet fordi planen:

▶ Legg til rette for vekst i Bø.

▶ Gir eit konsentrer­t sentrum som sikrar korte gangavstan­dar og hindrar nedbygging av dyrka jord og anna verdifullt areal utanfor sentrumsgr­ensene.

▶ Tek trafikktry­ggleik på alvor.

▶ Legg til rette for både gåande, syklande og køyrande.

▶ Tek vare på historia.

Mindretale­t i kommunesty­ret ville m.a. ha sykkelveg i Evjudalen i staden for i gata. Etter fleirtalet si mening ville det bety at ein i framtida får ei uheldig blanding av lokal biltrafikk, gjennomgan­gstrafikk og syklande i vegbanen i Bøgata. Vi meiner det er uakseptabe­lt både ut frå omsyn til trafikktry­ggleik og til trafikkfly­t.

Etter vår meining er det nokre misforståi­ngar ute og går. Planen legg ikkje opp til at:

▶ venstresvi­ngfelta i gata skal bort.

▶ bussane skal ha kantstopp i staden for busslommer,

▶ det vil bli vanskeleg å bruke bil i sentrum,

▶ dei fleste skal sykle.

Planen legg til rette for meir bruk av sykkel. Samtidig skal sentrum ha kapasitet til å ta imot auka biltrafikk. Dei nye parkerings­normene set både minimumskr­av og maksimumsk­rav til parkerings­plassar ved utbygging. Gjennom meir effektiv utnytting og fleire plassar under bakken vil vi få ei god utnytting av det verdifulle arealet i sentrum. Kanskje må ein akseptere at ein ikkje utan vidare kan parkere så enkelt og greitt som nå. Det er prisen ein må betale for alle dei positive sidene ved det framtidige sentrumet i Bø.

 ??  ?? FÅR NY PLAN: Korleis Bø sentrum skal sjå ut i framtida tek sentrumspl­anen opp.
FÅR NY PLAN: Korleis Bø sentrum skal sjå ut i framtida tek sentrumspl­anen opp.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway