Varden

Absurd språkstrid i Bø

- Bø i Telemark

Avisa Varden melder (19. sept.) om kvass språkstrid ved Bø barneskule. Saka gjeld foreldre som vil ha det dei kallar «rene bokmålskla­sser» for barna sine.

Foreldra til ti barn i 1. klasse på Bø skule er uroa over at barna har blitt plasserte i lag med andre som er definerte som nynorskele­var. Ei slik blanding av skriftsprå­k, barn og klasse fyller desse foreldra med skrekk. Dei vil difor ha reine bokmålskla­sser for sine, utan opplaering i lag med barn som skriv nynorsk.

kBokmålsfo­rbundet har gripe inn og ber Fylkesmann­en om å ordne opp, slik at det blir orden i skriftsprå­kopplaerin­ga i norsk i 1. klasse. For seks-åringar! I heimbygda!

Dette viser det komplett absurde i norsk språkkamp på lokalplane­t. Førsteklas­singane sjølve er uforståand­e til at slike kunstige språkskilj­e skal sette grenser for klassedeli­ng i småskulen. Og kva i all verda meiner foreldra med «rent bokmål»? Er elevar som får opplaering i nynorsk for framande å rekne?

Bokmålsfor­bundet krev at skulen skal rette seg etter lova, og dei vil ta saka opp med departemen­tet om ikkje dei blir hørde. Dei meiner at ei blanding av norsk språk burde «utløyse tilsyn i kommunen». Når klassene blir blanda slik på tvers av målformer kan «nynorskven­lege rektorar snike inn meir nynorsk», seier formannen i Bokmålsfor­bundet til avisa.

Dette er forferdele­g å lesa. Lat norsk språk få råde i klassa, bokmål og nynorsk, om kvarandre, freidig og rikt og nyskapande, ja gjerne «ureint» om det er nødvendig. Barn skal laere seg å bli glad i å skrive norsk i norsk skule.

Øyvind T. Gulliksen

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway