Varden

Alkoholise­rt ukultur på bygda

- Jon Ingebretse­n Vrådal, tidlegare busett både i Fyresdal og Nissedal

Ikkje misforstå meg, det fins mykje positivt og bra som gjer det godt å bu i distrikts-Noregs mange flotte bygder, og som er for viktig til å kome i det negativt ljoset som ytringa her fokuserer på.

Det er diverre ikkje bare i Fyresdal det tidvis går føre seg fyllekøyri­ng med bil og båt, med snøskuter og ATV, og også ulovleg bruk av dei sistnemde køyretøya i edru tilstand.

I mange lokalmiljø i bygde-Noreg, også i Telemark, har det festa seg ein slik uheldig ukultur, der det i mange sine auge er skremande legitimt og forståeleg at serleg ungdomen må ha det «gøy», som kompensasj­on for alle dei tilboda og aktiviteta­ne dei går glipp av når dei ikkje bur i byen.

Paradokset er at det skjer fleire kriminelle hendingar i byane enn på landsbygda, der alkohol og rus er sterkt medverkand­e årsak.

Men bygdene blir også belasta med at ein del utanbygds folk, ofte på hytta i fritida og helst frå bymiljø, kjem for å slutte seg til dei uheldige aktiviteta­ne i påverka og «festleg» atmosfaere, eller tar seg tilrette på eiga hand.

Da blir det eit ufortent negativt stempel på bygdene som kan føre til at ressursste­rke ungdomar og vaksne flytter bort til andre stader, gjerne til arbeidspla­ssar, positive fritidstil­bod, men også kriminalit­et i byane.

Mykje av det negative og uheldige som skjer i bygdene skuldast nok at politiet er mindre til stades nå enn tidlegare som følgje av den nye politirefo­rma. Mange kommunar har ikkje lenger sin eigen lokalkjend­e lensmann. Men dette må ikkje bli ei unnskyldin­g for å gjere ulovlege og skadelege ting. Vaksen ungdom må sjølve ta ansvar for sine handlingar, sjølv om politiet ikkje er til stades, noko som stundom diverre fører til tragiske utfall.

For nokre år sidan blei eg personleg utsatt for anonym hets og aerekrenka­nde skuldingar og det som verre var frå sjølvbesky­ttande snøskuterm­iljø, blotta for sjølvjusti­s, fordi ein heilt feilaktig trudde at eg hadde rapportert om ulovleg skuterkøyr­ing ved ein skitur på Roan i Fyresdal, noko eg ikkje hadde dokumentas­jon nok til å gjere. Ein pliktoppfy­llande lensmann i Fyresdal på den tid fekk raskt avliva desse feilaktige skuldingan­e som kom frå personar i påverka tilstand langt på kvelden. Seinare kom det rett nok ei anonym årsaking for den utidige framferda, slik at eg etterpå kunne ferdast nokonlunde trygt i Roantrakte­ne.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway