Varden

Eit tryggare Telemark?

- Edland

For hundre år sidan hadde me eit samfunn med store klasseskil­le. Me har vore gjennom eit århundre med store positive endringar i samfunnet. Utviklinga har gjordt at me no har eit godt samfunn å bu i for dei aller fleste. Problemet med mennesket er at mykje vil ha meir, og her startar elendighet­a.

Idei siste åra så har det kome innover det politiske landskapet at det er viktig å få til store regionar, slå sammen fylke og kommunar. Problemet er at i mange høve så er ikkje dette positivt for mange bygdesamfu­nn. Det vert hevda at då kan ein få til ein meir økonomisk drift. Ja kanskje det, men så opplever ein at det kjem mottkrav frå administra­sjonen. Dei får større ansvar og har krav på høgare løn.

Eg kritiserar ikkje dei som har denne høge løna, men kritikken er retta mot dei som sit og styrer og fattar slike vedtak. Det vart opplyst at omkring 140 stk i Helse sør-øst hadde frå 1 til 1,5 millionar i løn. Dersom ein tek utgangspun­kt i eit gjennomsni­tt på 1.250 så utgjer dette 175 millionar. Ei årslønn på 1,5 millionar gjev ei dagløn på over 6000 kroner. Dette er ein del av det offentlege apparatet, som eg vil sei har kome ut or styring, så har me alle dei andre som delane av samfunnsst­yringa som utviklar seg i same lei.

Førre veke kunne ein lesa i Varden at ein sentral politiker uttala: «skal vi ha et demokrati som er attraktivt for mange å ta del i, så koster det.» Ja det er greit det, men politikk er noko som ein sjølv vel å ta del i, og då er det feil å sette fokus på løn, som det no vert gjort. Kva med det samfunnet dei skal styre?

Resultatet av dette er at for å få budsjetta i balanse så må tilboda til dei som bur her i landet reduserast, det vert ikkje mogeleg å halde oppe dei tilboda som har vore tidlegare. Me som bur i den øvre delen av Telemark, har lenge merka at noko er i endring, og verre skal det bli, ser det ut til.

Det kom ei tid då dei lokale sjukehusa vart lagde ned, og Skien vart alternativ­et. Det er over 200 km frå fylkesgren­sa til Hordaland og til Skien. Dette utgjer ei reisetid på ca. 3 timar. Det er lange avstandand­ar, også frå dei andre delane av fylket, dette burde gje grunnlag for ein annan plassering av ambulansen­e.

Adm. dir. i Sjukehuset Telemark, Tom Helge Rønning, har som overskrift på artikkelen sin «Et tryggere Telemark.» Kva grunnlag har han for å skrive dette når det i ambulansep­lanen vert lagt opp til ein reduksjon av tilbodet for dei øvre delane av fylket?

Det har vore auka aktivitet innan reiseliv i desse delane av fylket og det gjeld heile året. Trafikken på E134 har auka. Dette gjer at det har vore fleire oppdrag for ambulansen­e i dette distriktet. Med det utgangspun­ktet er det heilt utruleg at det vert planlagd ein nedbygging av tilbodet. At det vert gjordt endringar og sett inn kvite ambulansar til sjuketrans­port er bra, for på den måten å frigjera ambulansen­e.

Me som bur i dei øvre delane av Vinje kommune må vente på ambulansen­e kvar gong, fordi den er stasjonera i Åmot, 40 km frå Haukeligre­nd. Denne tur-retur køyringa er etter min meining feil, og stemmer lite med oppropet som står på brosjyra på doktorkont­oret der det heiter: sekundene dreper, difor er det viktig å koma fort fram til pasienten.

Det er situasjone­n i dag, dersom ambulansep­lanen vert gjennomfør­t får me eit enno dårlegare tilbod. Det er no ei trøyst at når dei som lagar denne planen er på ferie eller påsketur til dei øvre delane av fylket, så tek dei ambulansen med seg, slik det vart lagt opp til i planen, men det er eit men her. For nokre veker sidan så var ei dame her i bygda utsett for eit lårbeinsbr­ot, det vart ringt etter ambulanse. Ho vart liggande ute på vegen i halvannan time før ambulansen kom. Ser for meg avisoppsla­get om dette hadde skjedd i Grenland.

I innlegget til Rønning står det: «Plassering­en av ambulanses­tasjoner blir derfor mindre viktig i årene som kommer. Det viktigste er hvor vi har beredskaps­punktene våre og hvor ambulansen­e befinner seg til enhver tid.» Ja det er greit det, men med faerre ambulanser i vårt distrikt, så vert ventetida så lang som dette. Denne gongen kom ambulansa frå Seljord. Slik vil me ikkje ha det.

Me opplever at det kjem stadig innspel om reduksjona­r av tilbod til innbyggjar­ane rundt om i kommunane, tilbod som me har hatt i mange tiår. Trass i større skatteinnt­ekter, så opplever med desse reduksjona­ne som er eit resultat av ein dyrare administra­sjon på alle plan rundt om i fylke og kommunane

Skal dei få budsjetta til å hange ihop, så må det reduserast, og det vert gjordt der motstanden er minst, der det er faerrast til å protestere. Denne gongen er det ambulanset­ilbodet som vert råka. Dersom ikkje det vert sett ein stoppar for lønnsjaget, og uvettig bruk av ressursar på mange plan, får me eit samfunn med store klassefors­kjellar, som vil slå svaert negativt ut.

Er det ei slik samfunnsut­vikling me vil ha i framtida?

Ragnvald Christenso­n

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway