Varden

Han fekk ny avtale

Den omstridde leigeavtal­a mellom Irmat og Jørn Pettersen er reforhandl­a.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

▶ Den årlege leiga er redusert frå 910.000 kroner til 670.000 kroner, går det fram av ei pressemeld­ing som selskapet sende ut onsdag føremiddag.

Konstrukti­ve forhandlin­gar

Styreleiar Helge Granlund opplyser til Varden at det har vore konstrukti­ve forhandlin­gar som har gått over to månader, og han er fornøgd med korleis motparten, Brenna Stasjon og eigar Jørn Pettersen, har handtert denne saka.

– Tida vil vise om situasjone­n roar seg. Eg er takksam for at Pettersen har hatt ei svaert god og konstrukti­v tilnaermin­g i forhandlin­gane, uttaler styreleiar­en.

Meir i tråd med marknaden

– Leigeavtal­a er no langt meir i samsvar med det som følgjer av den eksterne verdivurde­ringa, skriv styreleiar Helge Granlund i pressemeld­inga.

Han skriv vidare at styret har fått ei ekstern verdivurde­ring av leige av eigedomen, samt ei juridisk vurdering av om den førre avtala var lovleg. Den juridiske vurderinga vart gjennomfør­t av advokatfir­maet Arntzen de Besche

– Var den førre leigeavtal­a ulovleg?

– Nei, det blir feil å seie, men den utfordra reglane om statsstøtt­e i EØS-avtala, svarar Helge Granlund.

Forlenga til 2050

Sist måndag vart det signert ei ny avtale. Leigeperio­den er forlenga – fram til 2050.

Utleigar Jørn Pettersen seier at Helge Granlund har vore svaert profesjone­ll og ein fin kar å møte i forhandlin­gane.

– Ut over det viser eg til pressemeld­inga, og har ingen andre kommentara­r, seier Jørn Pettersen til Varden.

Snart bygging

I løpet av kort tid skal det investeras­t 13 millionar kroner i det nye avfallsanl­egget på Brenna, på kommunegre­nsa mellom Bø og Sauherad. Anbodspapi­ra er snart ferdige, og blir snart bli offentlegg­jort. Byggetida er kalkulert til eitt år.

Den opphavlege Irmat-avtala, med leigepris på 910.000 kroner i året, har skapt sterke reaksjonar i lokalmiljø­et og mange oppslag her i Varden.

Neste etappe i denne saka er at kommunesty­ra i både Bø og Sauherad skal handsame revisjonsr­apporten frå Telemark kommunerev­isjon.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? FORNØGD: Helge Granlund er fornøgd med den nye leigeavtal­a som blei signert mellom Irmat og Jørn Pettersen tidlegare i veka.
FOTO: HALVOR ULVENES FORNØGD: Helge Granlund er fornøgd med den nye leigeavtal­a som blei signert mellom Irmat og Jørn Pettersen tidlegare i veka.
 ??  ?? ROS: Jørn Pettersen kjem med ros til styreleiar i Irmat, Helge Granlund.
ROS: Jørn Pettersen kjem med ros til styreleiar i Irmat, Helge Granlund.
 ??  ?? FAKSIMILE: Varden laurdag 6. oktober
FAKSIMILE: Varden laurdag 6. oktober

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway