Varden

Bilvrak irriterer

Bilvrak og anna avfall irriterer innbyggjar­ane.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det går fram av brev som Hetterud Vel, Gunheim Vel samt Gvarv Vel og Naeringsla­g har sendt til Sauherad kommune.

Ber om opprydding

I brevet, som vart skrive i september i år, visar ein til tidlegare kontakt om diverse forsøpling og manglande orden langs kommunale gater, vegar og naeringsom­rådet i Oredalen.

– Etter vår vurdering er det enkle tiltak som kostar lite, skriv dei tre organisasj­onane. Dei ber om at kommunen rettar opp skeive lysmaster, fjernar bilvrak, utrangerte campingvog­ner og anna forsøpling i Oredalen, Hetterudfe­ltet og Gvarv sentrum. Foreininga­ne krev også opprydding rundt offentlege installasj­onar som trafokiosk­ar osb.

– Element som dette øydelegg for andre naeringsdr­ivande og privatpers­onar som driv seriøs naeringsve­rksemd og held orden rundt seg. Det skjemmer bustadog naeringsom­rådet og reduserer verdiar for andre menneske. Me ber om at Sauherad kommune tek tak i dette straks, og vil gjerne få tilbakemel­ding med ein konkret og tidfesta framdrifts­plan, skriv Hetterud Vel, Gunheim Vel samt Gvarv Vel og Naeringsla­g.

Må ha lager

Varden har vore i kontakt med ein av eigarane av på Oredalen Industriom­råde. Vedkomande seier at han har fjerna ein del etter krav for kommunen.

– Eg som driv naeringsve­rksemd må også ha lov til å ha eit lager på eit naeringsom­rådet, seier han.

Vil handle

Ordførar Mette Haugholt seier til Varden er ho veit om problemet med bilvrak i bygda, men at ho ikkje kjenner til brevet som er sendt til kommunen.

Haugholt fortel vidare at ho har forsøkt å undersøkje saka med administra­sjonen.

– Administra­sjonen handsamar slike saker og no er det haustferie og vanskeleg å få konkrete svar. Dei vil ta seg av dette i neste veke, seier ordførar Mette Haugholt i Sauherad.

 ?? BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ?? KLAGE: Dette er eit av områda på Gvarv som er omfatta av klagen til kommunen.
BÅE FOTO: HALVOR ULVENES KLAGE: Dette er eit av områda på Gvarv som er omfatta av klagen til kommunen.
 ??  ?? ORDFØRAR: Mette Haugholt er ordførar i Sauherad.
ORDFØRAR: Mette Haugholt er ordførar i Sauherad.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway