Varden

Namn på dugnad

I kommunen er det tidlegare registrert 9.360 stadnamn. No blir dei tilgjengel­ege for alle på data.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ Thor Wraa (1912-2007) gjorde eit unikt arbeid da han registrert­e alle desse namna i Kviteseid i perioden 1970-1980, og merka dei nøyaktig av på flyfoto frå Widerøe. Da Wraa vart heidra for 15 år sidan, uttala Bottolv Helleland, leiar av seksjon for namnegrans­king ved Universite­tet i Oslo, at samfunnet skulda Wraa fleire årsløner for den enorme innsatsen.

Fekk 200.000 kroner

Vest-Telemark Museum og Kviteseid Historiela­g gjekk så i bresjen for å gjere dette materialet tilgjengel­eg på data. Dei søkte Språkrådet om midlar til denne digitalise­ringa, og fekk maksimumsb­eløpet på 200.000 kroner. Sidan har også Kviteseid Mållag meldt seg som samarbeids­partnar, blant anna for å bidra økonomisk.

Per Ormestøyl ved Vest-Telemark Museum er prosjektle­iar. Han fortel til Varden at digitalise­ringa starta i januar i år, og så langt er kring 1.700 namn lagt inn på data.

– Det er eit omfattande arbeid. Me har i dag 15 registrato­rar som jobbar på dugnad, men ønskjer oss fleire. Dette er ein bygdedugna­d, og dei som melder seg kan sitje på data heime og få tilgang til eit spesielt registreri­ngsprogram, seier Per Ormestøyl.

Sverre Bakken og Stein Larsen er svaert sentrale eldsjeler i digitalise­ringa. Dei sit på Kviteseid Bibliotek kvar måndag og tysdag for å få stadig fleire namn inn i databasen.

Mange spesielle namn

Namnegrupp­a har sjølvsagt kome over mange spesielle og artige namn. Eitt av desse er «Mariskorte». Soga seier at ein militaer frå Lårdal kom i krangel med kona, og plasserte henne på ei skorte ved Straumane da dei var på veg til messe. Historia fortel ikkje noko om han tok frua med seg da han skulle heim att etter kyrkjebesø­ket.

Sorgenfri er knytt til ein stad ved Neset, der det var brennevins­produksjon. Kjøparane tok seg ein stopp der, kanskje for å bli kvitt bekymringa­r - og namnet blei Sorgenfri. «Dårlaup» er namnet på ei kløft på seks-sju meter i Vrådal. Ein drapsmann skulle sleppe fri om han klarte å hoppe over. Mordaren gjorde det, men da han skulle «vise seg» ein gong til, gjekk det gale.

Ein åker i Kviteseid blei vigsla av presten, og fekk namnet «Vombar-Aaker», utan at lokalhisto­rikarane har klart å finne ut kva namnet betyr. «Drithol» og «Dritarodde­n» er svaert folkelege namn som neppe treng naermare forklaring. Halvor Ulvenes ▶

 ??  ?? ELDSJELER: Prosjektle­iar Per Ormestøyl (midten) saman med eldsjelene Sverre Bakken (t.v.) og Stein Larsen.
ELDSJELER: Prosjektle­iar Per Ormestøyl (midten) saman med eldsjelene Sverre Bakken (t.v.) og Stein Larsen.
 ??  ?? UNIKT ARBEID: Thor Wraa utførte eit unikt arbeid.
UNIKT ARBEID: Thor Wraa utførte eit unikt arbeid.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway