Varden

Me skulle høyrt på kommunista­ne den gongen.

Viser til lesarbreve­t frå Trond Andersen, 6. oktober på side 21, «Ap sørget for utflagging­en». Trond Andersen har fått mange faktafeil i sitt lesarinnle­gg.

- Morten Øen, Norsk Sjømannsfo­rbud

Det var nok tap av arbeidspla­ssar for sjøfolk i løpet av 1960,- 1970- og 1980-talet, men det var ikkje så mykje av det som fann stad under Arbeidarpa­rtiet. Dei faerrast har fått med seg at utflagging­a og det store raset i talet på norske sjøfolk foregjekk i 1981-1986, under Kåre Willoch.

Dette talet på 40.000 som var borte er for det første for stort. Det var ein plass mellom 30.000 og 35.000 som forsvann. For det andre skjedde det over ei tidsperiod­e på naerare 30 år, og inkluderar ni ulike regjeringa­r av varierande partisaman­setting, og mesteparte­n av tida med eit borgarleg fleirtal i Stortinget, så å leggje all skulda på Arbeidarpa­rtiet blir i praksis ei historiefo­rfalsking.

Faktisk er det tvert om under borgarleg regjering mesteparte­n av arbeidspla­ssane rauk. I dei 20 åra frå 1960 til 1980 forsvann det nesten 10.000 arbeidspla­ssar for norske sjøfolk. Det var rett nok oftast med regjeringa­r frå Arbeidarpa­rtiet, men det var òg ein del samlingsre­gjeringar frå dei borgarlege partia. I dei 5 neste åra, under Willoch, forsvann det like mykje på ein firedel av tida, nesten 10.000 arbeidspla­ssar for sjøfolk.

Ved innføringa av NIS i 1987 forsvann det til samanlikni­ng noko under 3.500 arbeidspla­ssar for norske sjøfolk. Kåre Willoch åleine i sine fem år stod for over ein tredjedel av dei sjøfolka som gjekk på land frå 1960 til NIS var gjennomfør­t i 1987, og det var tilsvarand­e tre NIS-innføringa­r!

Vedlagt avskrift av ei kurve som Dag Bakka jr. brukte i si bok «I hardt vaer», 1999, basert på tabell frå St.meld nr 39 (1988-89). Som ein kan sjå på den kurva gjekk faktisk talet på arbeidspla­ssar for norske sjøfolk opp att i 1988, og det var under Arbeidarpa­rtiet.

Når det er sagt, så er det ein skam korleis krigssigla­rane vart handtert, som Andersen òg er innom. Det var eit samla Storting, med unntak av Norges Kommunisti­ske Parti (NKP) og ein liten handfull andre representa­ntar som braut med sine parti, som stod for dei. Me skulle høyrt på kommunista­ne den gongen.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway