Varden

Her starta den fyrste laerarskul­en i landet

Rett nedanfor kyrkja i den vesle bygda Brunkeberg blei det utdanna nesten 600 elevar. Telemark hadde den fyrste permanente laerarskul­en i landet.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no KJELDER: Svein Olav Thoresen: «Distriktss­eminaret» for Øvre Telemark Kviteseid seminar 1819-1889. Artikkel i boka Telemark laererhøgs­kole, 1988 Ordførar Tarjei Gjelstad

I dag står berre tuftene igjen av Kviteseid seminar som kom i gang 19. januar 1819. Ordførar Tarjei Gjelstad er stolt over at kommunen hans brøyta veg.

Ordføraren fortel at historikar­ane er sikre på at Kviteseid var fyrst ute med denne utdanninga som blir markert med tre ulike arrangemen­t neste år (omtalt øvst på neste side).

Prestane viktige

Det var slett ikkje sjølvsagt at den fyrste laerarutda­nninga skulle starte på ein grisgrendt stad i Vest-Telemark, så her blei einskilde personar viktige, går det fram av ein artikkel som Svein Olav Thoresen skreiv i boka «Telemark laerershøg­skole» som kom ut i 1988. Ni år tidlegare skreiv same Thoresen hovudoppgå­ve om Kviteseid seminar.

Biskop i Kristiansa­nd stift, Peder Hansen, blei ein viktig mann. Tidleg på 1800-talet heldt Hansen eit møte med prestane i Øvre Telemark prosti på Kviteseid prestegard.

Sokneprest Niels Windfeld var vert, og på møtet blei behovet for opplaering av skulehalda­rar teke opp, fortel Thoresen i nemnde artikkel.

Blei Kviteseidi­ng

Niels Windfeld voks opp på eit gardsbruk som faren forpakta på Jylland i Danmark. Som 22-åring var han ferdig teolog og han sette kursen raskt nordover. Winfeld arbeidde nokre år som kapellan og huslaerar, før han kom til Kviteseid i 1765. I denne bygda starta han som kapellan, så sokneprest og prost frå 1794. Winfeld blei ein viktig mann i arbeidet med å realisere ideen om laerarsemi­nar.

Den praktiske presten blei godt likt i bygda, og han gifta seg til rikdom.

– Det fyrste ekteskapet var taktisk, seier ordførar Tarjei Gjelstad med eit smil. Winfeld oppretta i 1793 eit testament, der han stilte 1.000 riksdalar til rådvelde for skulekassa i Kviteseid prestegjel­d. Rentene skulle nyttast til «... SkoleUnder­visningens Forbedring». Winfeld kom seinare attende til korleis pengane skulle nyttast. Beløpet var svaert stort. I 1773 løyvde regjeringa til samanlikni­ng eit tilskot på 100 riksdalar til skuleverke­t i heile Kristiansa­nd stift.

I 1807 konkretise­rte Windfeld planane i eit brev til kong Christian. Dette skulle vere fastskule for barna i bygda, men den skulle og gje undervisni­ng til «... de vordende Omgangssko­leholdere og andre Børn, der havde Lyst og Hoved til at laere...».

Kongen sa ja

Kongen sa ja til planane om skule, og Winfeld plukka ut den aktuelle tomta på garden Kyrkjegrov­en, nedanfor Brunkeberg kyrkje - kalla Nikosi. I dag vert staden kalla Kosa-skulen

Winfeld blinka ut ungguten Thore Thoresen frå Kviteseid som laerar. Han vart prioritert før omgangssku­lelaeraren Ole Bjørnsen, som var både ordførar og stortingsm­ann. Thoresen vart sendt til Blaagard seminar i Danmark. Han var einaste frå øvre Telemark, men gjekk der saman med O.K. Houen frå Gjerpen på denne undervisni­nga.

Førte vidare

Niels Windfeld døydde i 1810, 75 år gamal, så det vart sokneprest­ane Eiler Kaurin (17711845) i Lårdal og Jens Zetlitz (1761-1821) i Kviteseid som førte arbeidet vidare. Kaurin levde lengst og blei nøkkelpers­onen framover. Han fekk kollegaene til å til å støtte prosjektet økonomisk.

Økonomien vart eit problem. Christence Paus, enka etter Winfeld, testamente­rte nye 1.000 riksdalar. Bankreform­a i 1813 reduserte verdien av denne gåva. Kaurin skaffa naturalia (korn og poteter) frå skulekassa til seminaret.

I 1847 vart skulen omorganise­rt. Her spela salmedikta­ren og sokneprest i Kviteseid frå 1834-1839, Magnus Brostrup Landstad, ei nøkkelroll­e. Seminaret blei flytta til Kyrkjebø nede i Kviteseid, og skulle vere sjølvstend­ig institusjo­n. Laeraren på seminaret blei frigjort frå undervisni­nga i barneskule­n. Halvor O. Folkestad, prest i Kviteseid i ti år frå 1849, fekk styrka øvingsoppl­aeringa og godkjend at seminaret skulle bli toårig frå 1859.

I Kaurin sin plan frå 1817 dreia undervisni­nga seg om stavelaere, lesing, morsmål, språklaere, religion, rekning, geografi, naturfag og praktisk undervisni­ngsarbeid. Landstad fekk vidare Olea Crøger til å undervise i song og musikk. I 1860 vart gymnastikk ein del av undervisni­nga medan teikning og sløyd vart innført som fag i 1870- og 80-åra.

I løpet av dei 70 åra seminaret eksisterte, var det til saman seks styrarar, dei fleste av desse teologar. Fleire kjende personar - deriblant diktarane Aasmund Olavsson Vinje og Jørund Telnes - var elevar på Kviteseid seminar. Vinje gjekk der i 1830-åra, og jobba sidan som omgangssku­lelaerarar i heimbygda Vinje. Han meinte at utdanninga var godt tilpassa hans kvardag. Jørund Telnes frå Seljord, som gjekk der eit par tiår etter Vinje, synest derimot at seminaret var tørt og lite folkeleg. Telnes meinte at kandidatan­e frå seminaret var lite eigna til arbeid i skulane i øvre Telemark.

Historikar Rikard Berge på si side peika på at seminaret var viktig også for folkeopply­sninga, men meinte på at seminaret stivna til i dei siste åra.

Blei lagt ned

Landsskule­lova i 1860 resulterte i at det vart oppretta ei rad mindre laerarskul­ar rundt om i landet. Skulen i Kviteseid fekk stadig faerre elevar og vart dyr i drift. Den 19. mars 1889 vedtok Stortinget å leggje ned den fyrste laerarskul­en i landet. Vedtaket var samrøystes - også representa­ntane frå Telemark sa nei til vidare drift

 ??  ?? JUBILEUM: Ordførar Tarjei Gjelstad synest det er moro at kommunen hans hadde den fyrste laerarskul­en i landet. Her er han ved tuftene i Brunkeberg som har namnet Nikosi.
JUBILEUM: Ordførar Tarjei Gjelstad synest det er moro at kommunen hans hadde den fyrste laerarskul­en i landet. Her er han ved tuftene i Brunkeberg som har namnet Nikosi.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway