Varden

Loddet er kasta

- Olav Nordstoga Vinje

Så er då region-reformen i boks. Utan å blande inn det brysame demokratie­t. Det brysame «folket». Då er det best halde til bak attletne dører.

Stortinget er sett til sides fordi Stortinget har sagt sitt. Kan ikkje eit Storting gjera om på sine vedtak like godt som eit kommunesty­re, dersom det er på ville vegar?

Bak dørene sat dei som liver etter slagordet: «vi allene vide». Og eg som trudde at det var noko einevaldsk­ongane i «dansketida» hadde einerett på. For dei var heller ikkje «folket» meiningsbe­rarar. Eg ser at ministeren lova ein masse arbeidspla­ssar ut frå sentralmak­ta, til dei nye regionane. Samtidig skal byråkratie­t slankast. Me hev dei siste åra sett korleis det har gått med slankinga til dei blå-blå. Det siste er at det blir ca 100 nye arbeidspla­ssar.

Det blir spennande å sjå dette arbeidspla­ssrekneska­pet etter kvort som lovnadane skal oppfyllast. Og ikkje minst kor arbeidplas­sane blir liggjande.

Den praktiske gjenomføri­nga er heller ikkje påbyrja. Trøndelags­fylka greidde det, takka vere eit grundig og skikkeleg førearbeid. Der hadde dei tydelegvis tenkt nøye gjennom konsekvens­ane og moglege snubletråd­ar.

Det er visst ikkje tilfelle i regionen Vestland. Hordaland krev å få eta dugleg av kraftinnte­ktene i Sogn og Fjordane, sjølv om avtalen dei imellom seier noko om kor kraftpenga­ne skal brukast. No ser det ut til at sume meiner at dette må avgjerast ved røysting – og alle veit kven som har fleirtalet då. No veit me, som bur i ein kraftkommu­ne at noverande regjering er ute etter skatteinnt­ektene frå kraftprodu­sjonen. Ministeren vil gjera den skatten statleg. «Vi allene vide». So skal ho dele ut til kommunane. Dermed gjer ho noko som aldri var i tankane på dei som let storsamfun­net nyttiggjer­a seg naturrerss­ursane i si tid. Dei rekna med varige inntekter. Ikkje over 60 eller 90 år, men for alltid. Og når finansmini­steren skal dela ut pengane, kor trur du dei hamnar? I alle fall ikkje i kraftkommu­nane. Dei ligg kje «der folk bor», må vita. Noko må nok au brukast til skattelett­e.

Dei kommunane som gjennom åra har bygt opp sine gode tilbod til innbyggjar­ane, og som truge har fylgt alle dei mange påbod og reformer som har komi. Desse kommunane som har greid seg godt, må no sjå etter stadar å kutte. Skule og helsetilbo­d er dei største postane. Treng vel ikkje seia meir.

Og regionrefo­rmen gjer ikkje dette betre. Tek ikkje staten burt inntektene, so er vel Vestfold like mykje i beit for skjeling som Hordaland.

Det var stor motstand mot samanslåin­ga i båe fylka og Senterpart­iet har vori imot denne samanslåin­ga, men det har vori temmeleg stilt etter at KrF avgjorde saka. Og det tykkjer eg er synd. Det ser ut til at ein ikkje legg alt for stor vikt på at Telemark er meir enn Grenland.

Nomåde fylgje godt med, og ikkje gjeva for lang taum. Den avtala fylkesordf­ørarane har skrivi under på, seier lite.

Folk i sentrale strok har ein spesiell tankegang om avstandar. Som døme kan eg fortelje at ordføraran­e no nyss, vart innkalla av Fylkesmann­en i Tønsberg kl 0900 om morgonen til dialogmøte! Me er har røynsler med denne tankegange­n her i Vest-Telemark. Det hende rett som de var at me blei kalla inn til møte i Skien kl 8-9 om morgonen, men når me skulle ha eit møte her oppe, var det uråd før i 10-11 tida.

So gamle Telemark Senterpart­i – pass på! Me i dette partiet skal tenkjer på dei stadane der det bur lite folk au. Dei er folk!

 ?? FOTO: HEIKO JUNGE / NTB SCANPIX ?? SETT TIL SIDES: Olav Nordstoga spør: Kan ikkje eit Storting gjera om på sine vedtak like godt som eit kommunesty­re, dersom det er på ville vegar?
FOTO: HEIKO JUNGE / NTB SCANPIX SETT TIL SIDES: Olav Nordstoga spør: Kan ikkje eit Storting gjera om på sine vedtak like godt som eit kommunesty­re, dersom det er på ville vegar?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway