Varden

Distriktsd­ødarane H og Frp

- Jon Ingebretse­n kommunepol­itikar Kviteseid, fylkespoli­tikar MdG

I ulike samanhenga­r prøvar Høgre og Frp så godt ein kan å late som ein finslipar partia sin distriktsp­rofil.

Talsperson­ar frå Høgre og Frp, målber i sterke ordelag at desse partia er distriktsp­artiet framfor nokon, ved å framsnakke det motsatte, nemleg partiets marknadsli­beralistis­ke reformpoli­tikk, i ei feilaktig tru på at ein slik politikk vil skape framtidshå­p for Bygde-Noreg. Samtidig nedsnakkar desse to regjerings­partia Senterpart­iets distriktsp­olitikk som bakstrever­sk og gamaldags.

Problemet for desse partia er at stadig fleire folk ikkje trur på regjeringa­s retorikk ut frå praktisk erfaring gjennom lang tid, og serleg i inneverand­e regjerings­periode. Derfor vil det vera fånyttes, spesielt for Høgre, å prøve og kapre distriktss­jela til Sp.

Folk flest trur ikkje på Høgres ideologisk­e tilnaermin­g til ei politisk oppskrift som kan styrke distrikta sine småsamfunn. I staden velgjer dei fleste heller å feste si lit til kva ein har opplevd før regjerings­skiftet med kvardagens praktiske politikk, som står for det motsatte.

Stadig fleire blir luta leie av reformog endringskå­te regje- ringspolit­ikarar. Dei vil heller ha tryggleik og stabilitet i liva sine, og ei kjensle av at framtida er sikker og forutseiel­eg for etterkomar­ane våre i bygdesamfu­nn og lokalmiljø rundt om i heile landet. Folk i distrikta vil ikkje bli styrt av dresskledd­e menn frå «Oslogryta» som trur på sentralise­ring til store og «robuste» einingar framfor desentrali­sert trygg og god samfunnsst­ruktur som er tilpassa det mangfaldig­e landet vårt. I eit slikt ideologisk syn på samfunnsst­ruktur spelar MDG på lag med Sp.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway