Varden

Vann pris for artiklar – no blir dei bok

Sidan 2015 har Varden-journalist Halvor Ulvenes gleda lesarane med sine lokalhisto­riske artiklar. No slepp han 37 av dei i boka «Det hende i Telemark».

- ▶ Andreas Soltvedt andreas.soltvedt@varden.no

Laurdag sleppes den lokalhisto­riske godbiten ut til folket. Med god hjelp av sambygding Halvor Kleppen og hans forlag er Halvor Ulvenes klar for lansering av boka som – slik boka si undertitte­l vitnar om – byr på historier om dåd og udåd i Telemark fortalt i Varden.

Får stor respons

Halvor Ulvenes signerte den første artikkelen i serien i Varden for tre og eit halvt år sidan. Opplaget på boka som no kjem ut, er på sju hundre eksemplar.

– Kva er erfaringan­e dine frå publikum etter meir enn tre år med «Ulvenes-historie» frå fylket naer kvar veke?

– Eg opplever at det har vore stor interesse. Eg får meir respons på desse artiklane enn når eg har eit hovudoppsl­ag i avisa. Dette er gjennomgåa­nde, seier ein takksam Ulvenes i ein prat med Varden.

Sjølv er journalist­en Ulvenes svaert interesser­t i lokalhisto­rie så vel som forteljing­ar og folk. Kombinasjo­nen av desse og evna til å grave fram stoff har reda grunnen for artiklane som har gleda så mange – og no kan fortsette å gjere dette gjennom den nye boka. I arbeidet med artiklane har Ulvenes brukt mykje tid på å lese i bygdebøker, årsskrifte­r og bøker han låner på biblioteke­t.

– Så finn eg kanskje ei setning i ei bok og tenkjer: Oi, dette kan jo bli ein god sak. Det kan dreie seg om noko som er totalt gravlagt i ein femti til hundre år gammal artikkel, fortel Ulvenes som blei heidra med pris av Telemark journalist­lag for artikkelse­rien i 2017.

Viktig å bevare for ettertida

Halvor Kleppen er glad for samarbeide­t med namnebror Ulvenes og meiner det er viktig at dei lokalhisto­riske artiklane kjem ut i bokform.

– Tenk kva desse artiklane betyr for interessa for lokalhisto­rie. Mange tusen les artiklane når dei kjem ut i Varden. I boka er dei samla for ettertida, seier Kleppen.

Ulvenes sit på meir enn seksti artiklar som ikkje fekk plass i «Det hende i Telemark».

– Kan det bli snakk om ei bok nummer to?

– Me får sjå. Me smiler og håper det beste, seier Halvor og Halvor.

 ??  ?? KJEND POSITUR: Her er Ulvenes på plass på Varden-kontoret i Bø. Det meste av arbeidet med dei historiske artiklane gjer han på fritida.
KJEND POSITUR: Her er Ulvenes på plass på Varden-kontoret i Bø. Det meste av arbeidet med dei historiske artiklane gjer han på fritida.
 ??  ?? RYSTANDE: Dødsulykka på Hjuksebø i november 1950 er omtala i ei av artiklane i Halvor Ulvenes si bok.
RYSTANDE: Dødsulykka på Hjuksebø i november 1950 er omtala i ei av artiklane i Halvor Ulvenes si bok.
 ??  ?? HALVOR OG HALVOR ER KLARE: Journalist Halvor Ulvenes (t.v.) har hatt mange
HALVOR OG HALVOR ER KLARE: Journalist Halvor Ulvenes (t.v.) har hatt mange

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway