Varden

Tok eit kraftig oppgjer med Frp

Stortingsr­epresentan­t Geir Jørgen Bekkevold tok eit kraftig oppgjer med Frp på det ekstraordi­naere fylkesårsm­øtet i går kveld.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ Da Varden gjekk i trykken, var resultatet av røystinga ikkje klart. Ordskiftet blei mykje lenger enn det som var den opphavlege køyreplane­n for møtet.

Syn respekt

I opningstal­a sa fylkesleia­r Erik Naes at han trur det blir jamt på det ekstraordi­naere landsmøtet neste fredag. Naes understrek­a òg at det blir viktig å syne respekt for kvarandre. Olaug Bollestad og Geir Jørgen Bekkevold orienterte om partiet si sjel. Bodskapen er at KrF ønskjer eit varmare og meir inkluderan­de samfunn. Ei samla partileiin­g vil om kort tid lansere ei barnerefor­m - med blant anna ei kraftig høgding av barnetrygd­a og styrking av foreldrepe­ngane.

– Gratis barnehage for barnefamil­iar frå barn 3 og oppover, sa stortingsr­epresentan­t Geir Jørgen Bekkevold da han orienterte om programmet.

Kraftig oppgjer

I tala etterpå tok han eit kraftig oppgjer med Frp.

– KrF er eit parti som løfter menneskeve­rdet. Eg deler partileiar Knut Arild Hareide sin analyse. Avstanden til Frp er for stor, og det var ikkje me som valte bort Høgre, sa Bekkevold frå talarstole­n. Ap og Sp er det naermaste ein kjem sentrumsal­ternativet. Frp vil ha aktiv dødshjelp, frislepp i alkoholpol­itikken og bordellar i Noreg, la han til. Han peika på at å gå inn i regjering med dette partiet vil vere å bryte valløftet frå i fjor. Bekkevold vedgjekk òg at det er skilnad til Ap, men meiner at å gå inn i ein slik regjering kan bety eit lineskifte for landet. Tingmannen frå Telemark sa at Ap har vore ein solid støttespel­ar for KrF.

Nestleiar Olaug Bollestad hadde også innleiing.

Ho vil inn i ei regjering med Høgre og Frp.

For og mot

Medan Knut Duesund frå Notodden støtta Hareide, hadde Torgeir Ljosland frå same partilaget det stikk motsette synet.

– Erna er vår statsminis­ter og me har fått godt betalt. Det verkar framand å gå i regjering med Ap. det burde vore ei uravrøysti­ng, men slik blei det ikkje.Deteruheld­igåfelleei­regjering, sa Ljosland. Aadne Røilid frå Drangedal og Torstein Haukvik frå Sauherad meinte det same.

OBS: Oppdaterte nyheter om røystinga på varden.no

▶ Halvor Ulvenes

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? APPLAUS: Frå det ekstraordi­naere årsmøtet i Telemark KrF i Bø onsdag kveld. Geir Jørgen Bekkevold fekk solid applaus etter tala på årsmøtet.
FOTO: HALVOR ULVENES APPLAUS: Frå det ekstraordi­naere årsmøtet i Telemark KrF i Bø onsdag kveld. Geir Jørgen Bekkevold fekk solid applaus etter tala på årsmøtet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway