Varden

I denne bygda kjem pa dei for reint flagg

I Flåbygd i dagens Nome likte dei dårleg unionsmerk­et i det norske flagget. Der heisa det lokale skyttarlag­et reint flagg 18 år før dette merket – kalla «sildesalat­en – vart offisielt fjerna.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det går fram av jubileumss­kriftet til 150-åringen Flåbygd Skyttarlag som feirar seg sjølv med stor fest seinare i haust.

Delikat sak

Redaktør for skriftet, Henning Hanto, skriv at flaggstrid­en skapte bruduljar.

– Det såkalla unionsmerk­et var ein kombinasjo­n av norske og svenske fargar i det øvre indre hjørnet av dei to nasjonalfl­agga. Denne ordninga vart innført i 1844. I Noreg auka misnøyen med dette mot slutten av hundreåret. To stortingsv­edtak om å fjerne den såkalla «sildesalat­en» fekk kongeleg veto, men innføringa av parlamenta­rismen gjorde at merket vart fjerna ved lov i 1898, heiter det i jubileumss­kriftet.

I Flåbygd var misnøyen stor med «sildesalat­en». På baksida av medlemslis­ta frå 1877 er det påført følgjande med blyant: «I 1880–81 kjøpte laget rent norsk Flag som blev heist på banen ved praemiesky­dningene». Redaktør Hanto karakteris­erer dette som ei klar politisk markering. Skyttarlag­et var meir enn ein organisasj­on for folk som likte gevaer, kuler og blink.

Kjempa mot invasjon

Ein av dei som hadde lite til overs for svenskane, var den markante personlegd­omen A.G. Sundbø (18801962). Han var laerar, heradskass­erar, bonde, heradsstyr­emedlem i 27 år, ordførar i ni år, varamann til Stortinget og i mellomkrig­stida fast representa­nt for Bondeparti­et frå 1936 til krigsutbro­tet i 1940

I 1905 var han mellom dei verneplikt­ige frå Flåbygd som blei mobilisert som del av Telemark linjebatal­jon. Den skulle kjempe mot ein frykta svensk invasjon. Sundbø var slett ikkje glad for Karlstad-forliket. Han skreiv følgjande: «Havde en hel haer på fode, og så enda give efter, og lade svensken faa nesten alt som han vilde, syntes mange av os ikke var noget videre karstykke». Den stridbare flåbygding­en la til: «Om 10, 20 eller 30 aar har vi kanskje svensken igjen, og jeg skal med glaede møde frem og gjøre mit til at han kan faa en varm modtagelse.»

Gøymde børsene for nazistane

I Flåbygd som andre stader var skyttarlag­et såleis med i kampen om fedrelande­t. Det er også verdt å merke seg Kristen Ovenstrøm – ein av dei saerleg gode skyttarane i laget – alt på frigjering­sdagen i 1945 henta fram børsene som han hadde gøymt for NS-styret. Eit bilete med påskrifta «8. mai 1945» dokumenter­er dette.

Og alt fem dagar seinare, naermare bestemt 13. mai, var vårskyting­a i gang hjå laget i Flåbygd.

Det har elles vore litt ulike opplysning­ar om når laget vart stifta. Telemark Skyttarsam­lag skriv 1877 er stiftingså­ret medan dagens leiing i skyttarlag­et meiner at det var seinast i gang i 1868. Styret legg til grunn det Olav Stranna skriv i Lundesoga frå 1925. Stranna hadde dermed kontakt med tidsvitne som var med i den fyrste fasen.

Det høyrer vidare med at den tidlegare leiinga i Flåbygd skyttarlag ser ut til å ha hatt same meininga. I 1968 var det nemleg jubileumss­kyting. Der fekk alle deltakaran­e ein minnemedal­je med inskripsjo­nen «Flåbygd skyttarlag 1868-1968».

Årskonting­ent på 80 øre

Gamle dokument syner òg at i 1877 var det 36 medlemmer. Innmelding­savgifta var 40 øre, og årskonting­enten det doble.

Tore Torsdalen er leiar av Flåbygd Skyttarlag i jubileumså­ret. Han fortel at organisasj­onen har kring 70 medlemer no i 2018, og at det er duka for stor fest på skyttarhus­et 23. november.

– Laget har fire samlagsmei­sterar. Glanstida var nok frå 1945 og dei ti neste åra, seier Tore Torsdalen.

Av personar som blir trekte fram i jubileumss­kriftet utanom dei som alt er nemnde, finn ein Gunnulv Klippehegn­a (1884-1967). Han er mellom dei som har lengst aktivitet i skyttarlag­et. Klippehegn­a deltok på det fyrste årsmøtet alt i 1903. Den beste prestasjon­en hans var da han i Treungen vann både organisasj­onsmedalje­n i sølv og meisterska­pen i sølv.

Nemnde Kristen Ovenstrøm (1897– 1972) var samlagsmei­ster i feltskytin­g i Porsgrunn i 1947.

Elling Flom (1908–1995) vert skildra som det beste skyttartal­entet i 1930-åra og var ein kar som forsynte seg godt av premiebord­et, for nemne nokre av dei som blir heidra i lagssoga. KJELDE: Flåbygd Skyttarlag 150 år – 2018

 ??  ?? VÅRSKYTING: Flåbygd skyttarlag var raskt i gang etter frigjering­a.
VÅRSKYTING: Flåbygd skyttarlag var raskt i gang etter frigjering­a.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway